Lough Neagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lough Neagh
Lough Neagh -
Lough Neagh -
Stad Irland
Koordinatar 54°37′06″N 6°23′43″WKoordinatar: 54°37′06″N 6°23′43″W
Type innsjø Lough
Tilsigsområde 4 550 km²
Tilknytte land Nord-Irland Nord-Irland (91%)
Irland Republikken Irland (9 %)[1]
Største lengde 30 km
Største breidde 15 km
Overflateareal 388 km²
Middeldjupne 9 m
Største djupne 25 m
Øyar Coney Island, Coney Island Flat, Croaghan Flat, Derrywarragh Island, Padian, Ram's Island, Phil Roe's Flat og The Shallow Flat

Lough Neagh (Loch nEathachirsk) er den største innsjøen (på engelsk lough) i Nord-Irland, på øya Irland og den største av alle innsjøane på Dei britiske øyane. Han har eit areal på 392 km² og er av dei førti største innsjøane i Europa. Innsjøen er om lag 30 km lang og 15 km brei og ligg om lag 30 km vest for Belfast. Han er ein grunn sjø og har eit middeldjup på 9 m og på det djupaste er han om lag 25 meter.

Av tilsigsområdet på 4 550 km² ligg 9% i Republikken Irland og resten i Nord-Irland,[2] og totalt dekkjer tilsigsområdet 43 % av Nord-Irland.[3] Elva Bann renn ut frå innsjøen i nord og vidare mot sjøen.

Fem av dei seks grevskapa i Nord-Irland deler breidda av innsjøen: Antrim, Armagh, Down, Londonderry og Tyrone. Av byar og landsbyar nær innsjøen finn ein Antrim, Crumlin, Randalstown, Toomebridge, Ballyronan, Ballinderry, Moortown, Ardboe, Maghery, Lurgan og Magherafelt.

Innsjøen vert nytta som fritidsområde og noko kommersiell aktivitet, men er utsett for vind og får raskt grov sjø. Sjøen vert òg nytta som ferskvasskjelde.

På 1800-talet vart det konstruert tre kanalar til forskjellige hamner og byar: Lagan Navigation gav ein sjøveg til Belfast, Newry Canal til hamna Newry og Ulster Canal til Lough Erne, som igjen gav ein sjøveg via elva Shannon til Limerick, Dublin og Waterford. Elva Bann var òg framkommeleg til Coleraine og Antrimkysten, og den korte Coalisland Canal gav ei rute for transport av kol. Av desse vegane er berre den nedre delen av Bann i dag open, men ein har planar om å restaurere Ulster Canal.

Ålfiske har vore ein storindustri i Lough Neagh i fleire hundreår. I dag transporterer fiskeria i Lough Neagh ål til restaurantar i heile verda.

Det er fleire øyar i innsjøen: Coney Island, Coney Island Flat, Croaghan Flat, Derrywarragh Island, Padian, Ram's Island, Phil Roe's Flat og The Shallow Flat.

Ein trudde lenge at Lough Neagh var eigd av staten, men i 2005 kom det fram at han høyrte til jarlane av Shaftesbury.

Segn[endre | endre wikiteksten]

Ei gamal irsk segn fortel om korleis innsjøen vart danna då den irske kjempa Fionn mac Cumhaill (Finn McCool) grov opp ein del av landet og kasta det på den skotske rivalen sin. Han bomma og jordmassen landa i Irskesjøen og danna Isle of Man.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 9 % av tilsigsområdet ligg i Republikken Irland
  2. Environmental Change Network
  3. Northern Ireland Rivers Agency

Kjelde[endre | endre wikiteksten]