Lough Ree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lough Ree
Lough Ree -
Lough Ree -
Stad Longford, Westmeath og Roscommon
Koordinatar 53°30′N 7°58′WKoordinatar: 53°30′N 7°58′W
Type innsjø Lough
Tilsig Shannon
Utsig Shannon
Tilknytte land Irland Irland
Øyar Inchcleraun

Lough Ree (Loch Ríirsk, tidlegare Loch Ríbh) er ein innsjø (på engelsk lough) i Republikken Irland. Innsjøen er den andre av tre store innsjøar langs elva Shannon. Lough Ree er den nest største av innsjøane langs Shannon etter Lough Derg. Den tredje store innsjøen er Lough Allen i nord, medan Lough Derg ligg i sør. Innsjøen dannar grensa mellom grevskapa Longford og Westmeath (begge i provinsen Leinster) på austsida og County Roscommon i provinsen Connacht på vestsida. Innsjøen er ein populærstad for fiske- og båtturar. Innsjøen har eit lite ålfiskeri. Byen Athlone ligg på sørsida av innsjøen ,medan den mindre byen Lanesboro ligg i nord.

Øya Inchcleraun (Inis Cloithreann) ligg nord i innsøjen og her ligg eit kloster frå tidleg kristen tid. Her ligg òg ruinane av fleire gamle kyrkjer. I følgje irske segner var det på denne øya at dronning Maeve vart drepen. Vikingen Thorgest hadde eit ringfort på breidda og øyane, og frå her undertrykte han den irske folkesetnaden i fleire tiår fram til han drukna i Lough Owel[1]

Nokre familiar levde på nokre av øyane i Lough Ree fram til 1950-åra, før dei flytta til hus på land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas D'Arcy McGee. Chapter 2 - Kings of the ninth century. A popular history of Ireland: From the earliest period to the emancipation of the catholics. Vitja 19. oktober 2007.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]