Louis de Buade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Frontenac ved National Assembly of Quebec (Assemblée nationale du Québec)

Louis de Buade, Comte de Frontenac et de Palluau (11. mai 162228. november 1698) var ein fransk soldat, hoffmann og generalguvernør i Ny-Frankrike frå 1672 til 1682 og frå 1689 til han døydde 1698. Han oppretta mange fort ved Dei store innsjøane og var innblanda i ei rekkje slag mot engelskmennene og irokesarane.[1]

I den første perioden sin støtta han utvidinga av pelshandelen og oppretta Fort Frontenac (i det som i dag er Kingston i Ontario) og kom i konflikt med andre medlemmer av Høgsterådet over utvidinga og over hoveriane som måtte til for å byggje dei nye forta. Særleg støtta han salet av brandy til indianarane, mot viljen til biskop François de Laval som rekna dette som ei dødssynd. Konflikten med Høgsterådet gjorde at han vart attendekalla til Frankrike i 1682.

Den andre perioden hans var prega av forsvaret av Quebec frå den britiske invasjonen under Kong Vilhelm-krigen, ein suksessrik geriljakrig mot irokesiske og engelske busetnader som førte til at trugselen frå irokesarane mot Ny-Frankrike vart fjerna og pelshandelen vart utvida i stor grad ved hjelp av kanadiske coureurs des bois. Han døydde før han vart kalla attende til Frankrike for andre gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Canadian Encyclopedia. Historica Foundation, Toronto. 2011.