Louisianakreolar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«La Belle Creole». Sigarmerke frå New Orleans på 1890-talet.
Rosie Ledet er ein louisianakreolsk zydecoutøvar.

Louisianakreolar er ei gruppe folk med røter tilbake til koloniseringa av Louisiana, særleg dei med fransk eller spansk avstamming. Ordet «kreol» blei opphavleg nytta for å visa til folk som var fødde i Louisiana, til skilnad frå kolonistar fødde i Europa eller innflyttarar frå andre delar av Amerika.[1] Skiljet blei særleg viktig etter Louisiana-oppkjøpet i 1803, då mange engelsktalande innflyttarar kom til området.[2]

Ordet kunne visa til alle rasegrupper slik ein skilde dei på den tida: Svarte, kvite eller blanda rase.[1] I dag blir nemninga «cajun», etter det kanadiske området Acadia, ofte brukt om og av kvite louisianarar med fransk identitet. «Kreol» blir også brukt av ein del kvite, men særleg av innbyggjarar med noko afrikansk opphav. Desse louisianakreolane kan snakka fransk eller louisianakreolsk og er typisk katolikkar. Større grupper av desse bur i New Orleans, Acadiana sør i Louisiana, i Cane River/Isle Brevelle-området og aust i Texas til Houston, i tillegg til utflytta grupper i California.[1]

Ein musikktype som er særleg knytt til louisianakreolsk kultur er zydeco, som minnar om cajun-musikk og også er i slekt med jazz.

Kjende louisianakreolar[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende louisianakreolar er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Louisianakreolar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bernard, Shane K, "Creoles", KnowLA Encyclopedia of Louisiana
  2. Kein, Sybil, "Creole: the history and legacy of Louisiana's free people of color". Louisiana State University Press, 2009