Huset Wittelsbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wittelsbach-familien er ein europeisk kongefamilie og eit tysk dynasti frå Bayern.

Medlemmer av familien var hertugar, kurfyrstar og kongar av Bayern (1180–1918), pfalzgrevar av Rhinen (1214–1803 og 1816–1918), markgrevar av Brandenburg (1323–1373), grevar av Holland, Hainaut og Zeeland (1345–1432), fyrstebiskopar av Köln (1583–1761), hertugar av Jülich og Berg (1614–1794/1806), kongar av Sverige (1441–1448 og 1654–1720) og hertugar av Bremen-Verden (1654–1719).

Familien hadde òg to tysk-romerske keisarar (1328/1742), ein konge av romarane (1400), to motkongar av Böhmen (1619/1742), ein konge av Ungarn (1305), ein konge av Danmark og Noreg (1440) og ein konge av Hellas (1832–1862).

Familieoverhovudet sidan 1996 er hertug Franz av Bayern.

Store familiemedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Fedreavstamming[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste over slektslinja frå far til son, som endar med Franz av Bayern, dagens overhovud i familien. Dette tyder at kongefamilien til Franz, huset Wittelsbach kan sporast langt tilbake i tid og har opphavet sitt i Luitpolding-dynastiet.

  1. Markgreve Luitpold av Bayern, d. 907
  2. Hertug Arnulf av Bayern, d. 937
  3. Berthold av Bayern, 915–980
  4. Henrik I av Schweinfurt, 960–1017
  5. Henrik II av Schweinfurt, 1017–1043
  6. Grev Otto I av Scheyern, 1044–1072
  7. Grev Otto II av Scheyern, d. 1108
  8. Grev Otto IV av Wittelsbach, 1083–1156
  9. Hertug Otto I Wittelsbach av Bayern, 1117–1183
  10. Hertug Ludvig I av Bayern, 1173–1231
  11. Hertug Otto II Wittelsbach av Bayern, 1206–1253
  12. Hertug Ludvig II av Bayern, 1229–1294
  13. Hertug Rudolf I av Bayern, 1274–1319
  14. Pfalzgreve Adolf av Rhinen, 1300–1327
  15. Rupert II, Elector Palatine, 1325–1398
  16. Rupert av Tyskland, 1352–1410
  17. Pfalzgreve Stefan av Simmern-Zweibrücken, 1385–1459
  18. Pfalzgreve Ludvig I av Zweibrücken, 1424–1489
  19. Pfalzgreve Alexander av Zweibrücken, 1462–1514
  20. Pfalzgreve Ludvig II av Zweibrücken, 1502–1532
  21. Pfalzgreve Wolfgang av Zweibrücken, 1526–1569
  22. Pfalzgreve Karl I av Birkenfeld, 1560–1600
  23. Pfalzgreve Kristian I av Birkenfeld, 1598–1654
  24. Pfalzgreve Kristian II av Zweibrücken, 1637–1717
  25. Pfalzgreve Kristian III av Zweibrücken, 1674–1735
  26. Pfalzgreve Fredrik Michael av Zweibrücken, 1724–1767
  27. Maximilian I Josef av Bayern, 1756–1825
  28. Ludwig I av Bayern, 1786–1868
  29. Prinsregent Luitpold av Bayern, 1821–1912
  30. Ludwig III av Bayern, 1845–1921
  31. kronprins Rupprecht av Bayern, 1869–1955
  32. Hertug Albrecht av Bayern, 1905–1996
  33. Hertug Franz av Bayern, f. 1933

Den bayerske greina[endre | endre wikiteksten]

Pfalz-greina[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]