Luhansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 48°34′0″N 39°20′0″E
Luhansk
ukrainsk Луганськ, russisk Луганск, Lugansk
by
none  St. Volodymyr-katedralen i Luhansk
St. Volodymyr-katedralen i Luhansk
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Luhansk oblast
høgd 105 moh
koordinatar 48°34′0″N 39°20′0″E
Areal 257 km²
Folketal 445 900 (2004)
Tettleik 1 735 / km²
Grunnlagd 1795
borgarmeister Serhiy Ivanovytsj Kravtsjenko
Postnummer 91000
Retningsnummer +380 642
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://gorod.lugansk.ua/

Luhansk (ukrainsk Луга́нськ) eller Lugansk (russisk Луга́нск), tidlegare Vorosjilovgrad er ein by søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Luhansk oblast (provins). Sjølve byen er ein eigen kommune i oblastet og har kring 450 000 innbyggjarar (2004).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har ei historie som går attende til 1795 då den britiske industrimagnaten Charles Gascoigne grunnla ein metallfabrikk der. Det var byrjinga på ein industri som framleis trivst i dag. Lugansk fekk bystatus i 1882. Han ligg i Donetsbekkenet og vart utvikla til eit viktig industrisenter i Aust-Europa, mellom anna var her eit stort selskap som bygde lokomotiv.

5. november 1935 fekk byen namnet Vorosjilovgrad (Ворошиловград) til ære for den sovjetiske militærkommandanten og politikaren Kliment Vorosjilov. Den 5. mars 1958 vart det gamle namnet gjeve attende, då Khrusjtsjov ikkje lenger ville gje namn på levande personar til byar.[1][2] 5. januar 1970, etter at Vorosjilov døydde, vart namnet igjen endra attende til Vorosjilovgrad. Til slutt, den 4. mai 1990, vart det opphavlege namnet gjeve attende til byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadata for Luhansk
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 12.8 17.3 23.1 31.8 36.6 39.4 40.5 42.0 36.8 31.2 22.8 15.6 42,0
Normal maks. temp. °C -1.0 -0.4 5.7 15.6 22.2 26.4 28.7 28.1 21.8 13.9 5.3 0.1 13,9
Døgnmiddeltemp. °C -4.0 -4.1 1.4 9.7 15.8 20.1 22.3 21.2 15.3 8.6 1.8 -2.7 8,8
Normal min. temp. °C -6.8 -7.4 -2.4 4.2 9.4 13.8 16.0 14.5 9.4 4.0 -1.2 -5.5 4,0
Kulderekord °C -41.9 -36.9 -27.3 -12.1 -8.2 -1.8 5.2 -0.4 -7.2 -16.3 -26.3 -29.6 -41,9
Nedbør (mm) 36 36 32 33 50 61 63 34 45 35 39 39 503
Kjelde: Pogoda.ru.net[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luhansk