Lupinslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lupinus)
Lupinslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Genisteae
Slekt: Lupinslekta Lupinus
L., 1753

Lupinslekta (Lupinus) er ei planteslekt i erteblomfamilien som omfattar rundt 200 artar. Desse kan veksa vilt i Eurasia, Nord-Afrika og Amerika, dei fleste finst i Nord-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hagelupin (Russel-hybrid)

Lupinar kan vera eitt- eller fleirårige. Blada er mangekobla, småblada er smale og sit som eikene i eit hjul. Blomane sit i tette, bladlause klasar i toppen av stenglane. Dei kan vera blå, kvite eller gule, i tillegg til fleire fargar i dyrka varietetar. Frukta er ein lodden belg som inneheld mange frø. Røtene er rikeleg utstyrte med bakterieknollar. Som dei fleste artane i erteblomfamilien bind lupinar nitrogen frå lufta til jorda, og kan derfor brukast til å forbetra jordsmonnet.

Siciliansk lupin (L. termes) har frø som kan etast, og blei dyrka i det gamle Egypt. I Sør-Europa bruker ein lupinfrø til produksjon av lupinmjøl som kan blandast med mjøl frå andre kjelder. Denne typen mjøl kan gje reaksjon hjå nøtteallergikarar.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg veks hagelupin (Lupinus polyphyllus), jærlupin (Lupinus perennis) og sandlupin (Lupinus nootkatensis) vilt. Alle tre har spreidd seg ukontrollert etter opphavleg å ha blitt utplanta. Både jærlupin og sandlupin blei opphavleg innført som sandbindarar langs nye jernbanestrekningar, mellom anna i samband med bygginga av Jærbanen sørover frå Stavanger. Dei har sidan spreidd seg til store delar av Noreg. Alle tre er fleirårige plantar med ei generasjonstid på fem år.

Artane som veks vilt i Noreg står oppført på norsk svarteliste, både for 2007 og 2012.[1]

Norske artar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjersti Fossåskaret Eltoft. «Hagen din kan være på svartelisten». NRK. 
  • «Lupin» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lupinus
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.