Lutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Konsert» — oljemåleri på tre, ca 1485-1495. Tre ungdommar syng og den midtarste akkompagnerer på renessanselutt.

Ein lutt er eit klimpreinstrument med pæreforma resonanskasse og eit varierande tal strenger med eller utan tverrband. Ein kan spora lutten tilbake til Spania900-talet, men instrumentet hadde glanstida si i heile Europa på 1500-talet.

Ein musikar som spelar lutt blir kalla ein luttenist. Ordet 'lutt' kjem truleg frå arabisk al‘ud, 'treet', som óg har gjeve opphav til instrumentnamnet oud.

Det finst to hovudgrupper av luttinstrument — dei korthalsa luttane og dei langhalsa luttane.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.