Lyktemann
Ein lyktemann eller irrlys (òg kalla vettelys eller alvelys) er små ljos, ofte flakkande, som blir observert i og ved myrer. I følgje folketrua var det barn som døydde utan dåp, og som sidan streifa omkring for å lokke folk på villspor.
Liknande segner finst i mange kulturar. I England blir fenomenet kalla Will o' the wisp, i Tyskland Irrlicht, i Frankrike feu follet og det finst òg i Japan, som fenomenet Hitodama. Fenomenet er skildra av fleire pålitelege augevitne, til dømes av astronomen Friedrich Wilhelm Bessel, som i 1807 såg lyktemenn utanfor Hamburg.
Han finst fleire vitskaplege forklaringar, som at lysene kjem frå fosforescerande gassar frå organiske stoff i myra, kanskje sumpgass (metan) iblanda fosforhydrid. Det kan òg vere sjølvlysande insekt, som sankthansorm, eller lysande, roten ved. Fenomenet er relativt sjeldan i Noreg, sidan det ofte er for kaldt til at fenomenet kan oppstå, men ei vandresegn er knytt til Olav Haraldsson. Det vert sagt at det brann eit blått lys i fotspora hans nær Stiklestad.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lyktemann» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2011.
- Store norske leksikon, snl.no, «lyktemenn»