Lynni Treekrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lynni Treekrem

Fødd26. desember 1958 (65 år)
FødestadSeattle
FødenamnHelen Lynn Treekrem
OpphavNoreg
Instrumentvokal
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka somsongar, komponist
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist

Lynni Treekrem (fødd 26. desember 1958) er ein norsk musikar frå KristiansundNordmøre.

Treekrem vart fødd i 1958 i USA, men allereie da ho var 3 år gammal flytte familien til Noreg og busette seg i Kristiansund. Interessa for song og musikk var stor, og ho underheldt stadig familie og venner. Mens ho gjekk på ungdomsskulen vart ho med i kristiansundsgruppa Asterix. Nokre av barndomsvenene hennar var Frode Alnæs og Øyvind Elgenes som seinare kom til å etablere gruppa Dance with a Stranger. Ho deltok òg i fleire talentkonkurransar.

Treekrem har seinare samarbeidd med mange kjende artistar, som Åge Aleksandersen, Frode Alnæs og Jonas Fjeld. Hausten 1991 kom debutplata hennar ut, Ut i vind, som vart godt motteken blant kritikarar og kundar.[1] Den neste plata hennar, Tusenfryd, vart ikkje fullt så populær, men nådde ein fjerdeplass på salslista.[1] Det tredje albumet hennar, Storm vart òg noko lunka motteke. Storm er den «mørke» plata hennar — innspela i ei tid då Lynni gjennomgjekk depresjonar og skilsmisse. I 2003 kom samle-CD-en I manesjen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bergan, Jon Vidar (4. september 2020). «Lynni Treekrem». Store norske leksikon (på norsk bokmål).