Máxima av Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Máxima
Royal Wedding Stockholm 2010-Konserthuset-398.jpg
Dronning av Nederland
Regjeringstid 30. april 2013–i dag
Fødenamn Máxima Zorreguieta Cerruti
Fullt namn Máxima
Hus Oranien-Nassau
Titlar Dronning av Nederland
Prinsesse av Nederland
Prinsesse av Oranien-Nassau
Fødd 17. mai 1971, Buenos Aires i Argentina
Føregjengar Beatrix av Nederland
Ektefelle Willem-Alexander av Nederland
Far Jorge Zorreguieta
Mor María del Carmen Cerruti Carricart
Born Catharina-Amalia av Nederland
Alexia av Nederland
Ariane av Nederland

Máxima (fødd Máxima Zorreguieta Cerruti17. mai 1971 i Buenos Aires) er dronning av Nederland, prinsesse av Nederland, prinsesse av Oranien-Nassau og gift med kong Willem-Alexander av Nederland. Ho vart dronning då ektemannen vart konge 30. april 2013. Som dronning av Nederland er ho òg dronning av Aruba, Curaçao og Sint Maarten, som saman med Nederland er ein del av Kongeriket Nederlanda.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ho vart fødd Máxima Zorreguieta Cerruti 17. mai 1971 i Buenos Aires i Argentina. Máxima er dotter av Jorge Zorreguieta og den andre kona hans, María del Carmen Cerruti Carricart. Ho har to brødre, ein syster og tre halvsystre som hennar far har fekk med Marta López Gil.

Ho studerte ved Northlands School i Argentina og arbeidde i ein bank før ho tok eksamen i økonomi ved Universidad Católica Argentina i 1995. Ho arbeidde seinare for internasjonale finansieringsføretak i Argentina, New York og Brussel.

Via far sin er ho etterkommer av kong Afonso III av Portugal, hans son kong Denis av Portugal og mange adelsfamiliar på den iberiske halvøya. Ho er òg etterkommer av peruanske Pedro Álvarez Holguín og Túpac Huallpa, ein peruansk inkakeisar.

Giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Paret annonserte trulovinga 30. mars 2001 og Máxima tala for nasjonen på flytande nederlandsk i ei direktesendt fjernsynssending.[1] Máxima vart invilga nederlandsk statsborgarskap etter kongeleg resolusjon 17. mai 2001 og har no dobbelt statsborgarskap: Argentinsk og nederlandsk.[2] Ho fortsette å vere romersk-katolsk etter giftarmålet.[3]

Máxima og kronprins Willem-Alexander gifta seg 2. februar 2002 i ein sivil seremoni i Beurs van Berlage i Amsterdam og deretter i ein religiøs seremoni i Nieuwe Kerk i same by.[4]

Paret har tre døtre:

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

  • 17. mai 1971–2. februar 2002: Frøken Máxima Zorreguieta Cerruti
  • 2. februar 2002–30. april 2013: Den Høgvørde Kronprinsesse Máxima av Nederland, prinsesse av Oranien-Nassau, fru van Amsberg
  • 30. april 2013–i dag: Hennar Majestet Dronning Máxima av Nederland, prinsesse av Nederland, prinsesse av Oranien-Nassau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engagement period, Royal Wedding 2002 (nederlandsk). Koninklinjkhuis. Vitja 1. mai 2013.
  2. Ook Beatrix heeft dubbele nationaliteit (nederlandsk). Radio Netherlands Worldwide (6. mars 2007). Vitja 1. mai 2013.
  3. We're all princesses now: The rise of the middle-class monarchy (engelsk). Daily Mail. Vitja 1. mai 2013.
  4. The wedding, Royal Wedding 2002 (engelsk). Koninklijkhuis. Vitja 1. mai 2013.