Buenos Aires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buenos Aires
Andre namn Buenos Ayres (tidlegare skrivemåte)
Flagget til Buenos Aires Byvåpenet til Buenos Aires
Flagget til Buenos Aires Byvåpenet til Buenos Aires

Kallenamn
«Reina del Plata
Amerikas Paris
»
Styresmakter
Land
Argentina
Grunnlagd 1536, 1580
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

203 km²
4 758 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

2 746 761
  13 531/km²
11 548 541
Koordinatar 34°36′″S 58°22′″WKoordinatar: 34°36′″S 58°22′″W
Høgd over havet 25 m
Diverse anna
Postnummer C1000-1499XXX
Telefon-retningsnummer 011
Nettstad: www.buenosaires.gov.ar
Plassering
Ar-map.png

Buenos Aires er hovudstaden i Argentina. Byen er kalla opp etter dei sjøfarande sin vernehelgen, Santa María del Buen Aire, og vert offisielt kalla Ciudad Autónoma de Buenos Aires. Byen er òg det industrielle og kommersielle senteret i landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Byen Buenos Aires ligg på Río de la Plata, den traktforma munningen av dei store elvane Rio Paraná og Río Uruguay i Atlanterhavet på austkysten av Sør-Amerika. Snitthøgda over havet i byområdet er på 25 meter.

Vatnet i Río de la Plata i Buenos Aires er svært slamfylt, og elvebotn er for det meste svært grunn. Dermed er skipsfarten inn til byen avhengig av oppmudra renner.

Vest for Buenos Aires strekkjer pampaen seg, den store, argentinske grassletta, eit av dei mest fruktbare jordbruksområda i verda.

Satellittbilete (Buenos Aires ligg nede til høgre)

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Buenos Aires er delt inn i 48 bydelar:

Agronomía, Almagro, Balvanera, Barracas, Belgrano, Boedo, Caballito, Chacarita, Coghlan, Colegiales, Constitución, Flores, Floresta, La Boca, La Paternal, Liniers, Mataderos, Monte Castro, Montserrat, Nueva Pompeya, Nuñez, Palermo, Parque Avellaneda, Parque Chacabuco, Parque Chas, Parque Patricios, Puerto Madero, Recoleta, Retiro, Saavedra, San Cristóbal, San Nicolás, San Telmo, Vélez Sársfield, Versalles, Villa Crespo, Villa del Parque, Villa Devoto, Villa Lugano, Villa Luro, Villa Mitre, Villa Ortúzar, Villa Pueyrredón, Villa Real, Villa Riachuelo, Villa Santa Rita, Villa Soldati, Villa Urquiza.

I tillegg er tradisjonelle bydelsnamn i bruk, og desse vert gjerne brukt oftare enn den offisielle inndelinga.

Bydelane i Buenos Aires
  • Abasto (Rundt den tidlegare sentralmarknaden, i dag handlesentrum). Bydelar: Almagro og delvis Balvanera.
  • Barrio Norte (Velståande bydelar): Bydelane Recoleta og Palermo
  • Congreso (Rundt parlamentet)
  • Microcentro (Børs- og forretningssentrum): Bydelane Retiro og San Nicolás
  • Once (Området rundt stasjonen Once): Bydelen Balvanera
  • Tribunales (Område rundt Tinghuset): Bydelen San Nicolás

Som følgje av desentralisering vart 16 Centros de Gestión y Participación (CGP, sentra for forvaltning og deltaking) oppretta, og desse er nummerert frå 1 til 14. Bydelane 2 og 14 er delt i kvar sin sørlege og nordlege del, og heiter hhv. 2n, 2s, 14n og 14s (s=sud, sør, n=norte, nord). I CGP'ane betalar ein skattar, inngår ekteskap og får fødselsattest.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadiagram for Buenos Aires

Buenos Aires har temperert klima. Årsmiddeltemperaturen er på 16,9 °C, og årsmiddelnedbøren er på 1 027 mm.

Årets varmaste månad er januar med ein gjennomsnittstemperatur på 23,7 °C, den kjøligaste er juli med 10,5 °C. Sjølv midt i den sørlege vinteren går temperaturen sjeldan under null. Snøfall er svært sjeldan.

Mest nedbør kjem det i mars med 122 mm, medan juli er den tørraste med 61 mm.

Økologiske utfordringar[endre | endre wikiteksten]

Som ein av dei store verdsmetropolane har Buenos Aires talrike økologiske utfordringar. Smog er eit relativt lite problem på grunn av rikeleg med vind. Likevel kan luftforureining nå kritiske verdiar på grunn av manglande reinsing av bilmotorar og industriutslepp. Dette fører til auka kreftrisiko i folkesetnaden.

I dei tronge gatene, omringa av høge husfasadar, er frisklufttilføringa liten. Vidare er det svært få grøntareal i byområdet, og på grunn av stor byggeverksemd i utkantane vert det stadig mindre.

Elvemunningen Río de la Plata er òg sterkt prega av forureining. Sideelvane Riachuelo og Río de la Reconquista, som renn gjennom byområdet, er no så forureina at det ikkje er liv igjen i dei. På 1990-talet vart lagt fram planar om å reinske opp Riachuelo, men det har enno ikkje vorte utført. Fram til om lag 1980 kunne ein bade i Río de la Plata, og badestranda ligg enno i bydelen Quilmes, men etter fleire dødsfall på åttitalet er dette i dag ikkje tilrådeleg på grunn av forureininga. På andre sida av elva, i Uruguay, kan ein derimot framleis bade.

Eit anna problem er avfallshandsaminga. Tidlegare vart søppelet brend lokalt, ofte som del av oppvarminga av bustadblokkene. I dag har ein slutta med denne praksisen på grunn av forureininga som oppstod. Avfallet vert deponert i ein ringforma fylling utanfor byen. Denne fyllinga er til dels tilplanta som grøntareal og vert kalla Cinturón Ecológico, det økologiske beltet. Problemet med denne forma for deponering er at skadelege stoff frå avfallet når grunnvatnet. I bustadområde som grensar til fyllinga er talet på krefttilfelle dermed større enn normalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elvemunningen Río de la Plata vart første gong utforska av den spanske conquistadoren Juan Días de Solís i 1516. Den første bygrunnlegginga fann stad i 1536, men forsøket vart gjeve opp i 1541, og først i 1580 vart den noverande byen grunnlagd. Den enorme pampaen som omgir byen var gjennom hele kolonitida tynt folkesett, og byen var på 16- og byrjinga av 1700-talet lite viktig. All handel ut frå Buenos Aires måtte gå via Lima i Peru, i følgje spanske dekret.

I 1776 vart byen derimot erklært for hovudstad i Visekongedømet Río de la Plata, og frå da av voks byen svært raskt. Fram til 1813 dobla byen seg frå 22 000 til 46 000 innbyggjarar. Under Napoleonskrigane kjempa byborgarane innbite mot britiske invasjonar, noko som styrkte sjølvtilliten deira. I 1810 kasta dei dermed ut den spanske visekongen, og frå 1816 var Argentina eit sjølvstendig land.

Frå 1850 av opplevde Buenos Aires ein eksplosjonsarta vekst i folketalet på grunn av immigrasjon frå Europa, særleg frå Italia, og ved hundreårsskiftet budde det nesten ein million menneske i byen. I 1913 vart den første t-banelinja opna, og som følgje av 100-årsfeiringa for sjølvstende i 1916 fekk byen ein ny, moderne byplan. I 1857 hadde byen 99 000 innbyggjarar, i 1880 248 000 innbyggjarar, i 1903 865 000 innbyggjarar, i 1928 over 2 millionar.

I 1976 tok dei militære makta i Argentina, og titusenvis av menneske vart bortført og drepen. Mødrene til dei forsvunne har sidan samla seg på maiplassen i ein demonstrasjon for å få vite kva som har skjedd med sønene og døtrene deira.

Det økonomiske oppsvinget etter demokratiseringa i 1983 har sett sine spor i byen med ein omfattande byggeverksemd. Ein skugge kasta vart kasta over byen då ei bilbombe gjekk av ved den israelske ambassaden i 1992 og etter attentatet mot eit jødisk kultursentrum i 1994 der 96 personar vart drepne.

Argentina si økonomiske krise frå 1998 av har ført til tallause demonstrasjonar i hovudstaden, og piqueteros, demonstrantar, har vorte ein maktfaktor i bybiletet. Storbrannen i eit diskotek nyttårsaftan 2004 tok livet til 190 gjester, noko som førte til at borgarmeisteren måtte gå av.

Folketalet i byen har ikkje gått forbi 3 millionar enno, noko som tyder at all vekst skjer ute i forstadane.

Kultur og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Teatro Colón

Det mest kjende teatret i byen er Teatro Colón, eit av dei største operahusa i verda. I tillegg til ein stor teater- og musikkteaterscene, finst det etter offisielle tal 173 teater i byen. Til og med midt i sommarferien er det meir enn 100 større og mindre oppføringar å velje mellom.

Tango[endre | endre wikiteksten]

Buenos Aires er også verda sin tangohovudstad. Kvart år vert det halde tangofestival og verdsfestival i tango. Dei mest vidkjende tangokunstnarane opptrer i slutten av februar og byrjinga av mars. Meir enn 70 ulike konsertar finn då stad på dei mest ulike stadane, frå dei store teatera til barar og utandørsarenaer.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Av dei mange musea i Buenos Aires kan ein nemne Museo de Arte Español Enrique Larreta. Her finst ei samling av den argentinske hispanisten og forfattaren Enrique Larreta med mellom anna spansk måleri, skulptur, møblar og keramikk frå 15- og 1600-talet.

Museo de Arte Hispanoamericano Isaac Fernández Blanco viser ibero-amerikansk kolonikunst, mellom anna måleri av Cuzco-skulen, sølvarbeid frå Peru og frå Río de la Plata-området, religiøst måleri frå Quito, møblar frå Brasil og dekorativ kunst frå etter sjølvstende.

I 2001 vart Museo de Arte Latinoamericano de Buenos Aires (MALBA), gjeve av den argentinske forretningsmannen Eduardo Costantini, opna. Meir enn 200 verk av 80 ulike kunstnarar er utstilt, mellom anna nøkkelverk frå latinamerikansk kunst frå 1900-talet, i tillegg til ulike vandreutstillingar. Dette museet viser ei samling samtidskunst frå Argentina, samt viktige internasjonale kunstnarar frå 1900-talet.

Museo de Esculturas Luis Perlotti ligg i huset til den argentinske bilethoggaren Luis Perlotti. Samlinga på nesten 1000 verk vart i 1976 gjeve til byen Buenos Aires.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Bybiletet har endra seg mykje siden byrjinga av 1900-talet. Plaza de Mayo, Maiplassen, i den austlege delen av Buenos Aires var utgangspunktet for byutviklinga, og den eldste byen låg i ein halvsirkel rundt denne plassen. Frå 1950-årea har det vakse opp forretningssenter i andre delar av byområdet. Hotell, restaurantar, finansinstitusjonar, regjeringskontor og forretningsstrøk ligg konsentrert nord og vest for Plaza de Mayo-området.

Ein av hovudaksane går frå Casa Rosada, presidentpalasset, ved Plaza de Mayo mot vest. Dei første 1,6 kilometrane heiter gata Avenida de Mayo, før ho skifter namn til Avenida Rivadavia og held fram heile 40 kilometer. Sør for aksen finn ein den fargeglade bydelen La Boca, som vart grunnlagd av italienske innvandrarar, først og fremst frå Genova. Her vart tangoen født. Mot sør ligg òg andre arbeiderstrøk og industristrøk.

Nord for aksen ligg die fleste byparkane, samt buområde for middel- og overklassen. Dei velståande bydelane strekkjer seg òg utover bygrensa og inn i forstadskommunane Martínez, Olivos, San Isidro og Vicente López.

På kyrkjegarden i Ricoleta-bydelen kviler mellom mange store namn òg Evita Perón. Andre attraksjonar er obelisken på 9. juli-gata, ei av dei breiaste gatene i verda, det gamle hamnekvarteret Puerto Madero med sine restaurerte lagerhallar, den gamle bydelen San Telmo med sine måleriske gater, det gamle sentralmarknaden Abasto, i dag eit stort kjøpesenter.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Særleg i fotball og innan hestesport er Buenos Aires dominerande i landet.

To av dei mest vidkjende og beste fotballaga i Argentina held til i Buenos Aires, det mestvinnande Club Atlético River Plate og erkerivalen Boca Juniors. Ligakampar mellom dei to endar ofte i slagsmål. Andre viktige fotballklubbar er Racing Club de Avellaneda og Independiente frå forstaden Avellaneda, San Lorenzo de Almagro frå bydelen Almagro og Vélez Sársfield frå bydelen Liniers.

Hestesport er sannsynlegvis den nest mest populære sportsgreina. To veddeløpsbanar, hipódromos, ligg i byen, i Palermo og i San Isidro.

Elles er los porteños lidenskapleg opptatt av rugby og landhockey. Basketball, som òg er svært populært, er derimot dominert av lag utanfor Buenos Aires, det same gjeld dei beste tennisspelarane.

Mat i Buenos Aires[endre | endre wikiteksten]

I Buenos Aires finst det over 3 500 restaurantar som tilbyr nasjonalt og internasjonalt kjøken. Så ulike ting som kongekrabbe frå Antarktis og dei fylte brødlommene empanadas vert tilbodne. Mest populært er likevel italiensk-argentinske spesialitetar som pasta, pizza og gnocchi, og asado, biff og anna kjøt grilla over open flamme.

Til alt dette høyrer god, argentinsk vin med. Vinindustrien i landet har dei siste åra gjennomgått ein modernisering og kvalitetsheving som gjer at dei beste vinane kan måle seg med kva det skal vere, medan daglegvinen held god kvalitet.

Økonomi og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Monumento San Martin
Høghus i bydelen Retiro

Som den viktigate hamnebyen i landet er Buenos Aires handelssentrum i Argentina. Kaianlegga strekkjer seg åtte kilometer langs Río de la Plata, og i Puerto Nuevo finn ein dei mest moderne hamneanlegga.

Parallelt med den moderne trafikkutviklinga, med eksempelvis 16-filers motorvegar, vart byen det viktigaste industrisenteret i landet. Industrien oppstod først i indre by, men frå 1930 av skjer industriutviklinga mest i forstadane. Om lag halvparten av alle industribedrifter i Argentina ligg i Buenos Aires, om lag 26 000 i Buenos Aires by, og om lag det dobbelte i forstadane.

Bydelane i søraust husar hovudmengda av industri, særleg Avellaneda og Lanús. Her fører dei store gassrøyrleidningane frå Patagonia. Bankane, både dei nasjonale og dei internasjonale, samt ulike børsar for råvarer som korn, er konsentrert i krysset mellom Avenida Bartolomé Mitre og San Martín. Langs Florida- og Santa Fé-avenyane finn ein dei største kjøpesentra og dei mest elegante butikkane.

Næringsmiddelindustrien, hovudsakleg kjøtindustrien, samt oljeraffineri og kjemisk industri ligg i sør. Mot vest og nord finn ein bilindustri og ulik lettare industri, slik som tekstilindustri og trykkeri. På grunn av miljøforureininga ønskjer politikarane å legge mest mogeleg industri til områda rundt byen, der ulike industriparkar har oppstått. Dermed flyttar òg dei tilsette etter.

I sentrum av Buenos Aires var det i 1927 fem høghus, no er derimot heile bysentrum dominert av høghusa. Den tre kvadratkilometer store bykjernen ligg nord for Plaza de Mayo, det gamle midtpunktet i byen. Her finn ein eit sentralt forretningsområde med alle kjenneteikna på ein verdsby; kontor-, forsikrings- og bankbygg, forleggarar, avanserte tenesteytingar, moderne butikkpassasjar, underhaldingskvartal, trafikkaos, lite grøntareal og utvandring til forstadane.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Langdistanse[endre | endre wikiteksten]

Inngang til t-banestasjonen Retiro

Buenos Aires har to flyplassar, Ezeiza for internasjonale fly, og Aeroparque for innanlandsfly og fly til Montevideo. Til Uruguay går det òg ferjer og hurtigbåtar frå ein terminal i sentrum.

Langdistansetog er lite viktig, då det meste av langdistansetog er nedlagt i Argentina. Tog spelar derimot ei stor rolle i nærtrafikken og i trafikken til byar i Buenos Aires-provinsen.

Buss er langt viktigare, og eit finmaska nett av langdistansebussar går ut frå fleire store busstasjonar i Retiro-bydelen.

Hamneanlegga i Buenos Aires er åtte kilometer lang, og vert halde open ved hjelp av omfattande mudring i Río de la Plata.

Lokaltrafikk[endre | endre wikiteksten]

Inne i ei t-banevogn på linje A

T-bana i Buenos Aires, subte, er den eldste i Latin-Amerika, og den første strekninga opna i 1913. Trikk er ikkje like viktig. Den aller største delen av lokaltrafikken går med buss, noko som har trafikkmessige og miljømessige konsekvensar. Derfor vert det no arbeida med å utbygging av subte. Forstadane vert trafikkert av lokaltog. Det er 38 600 drosjar i Buenos Aires, ein per 71 innbyggjarar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ein gong var Plaza de Mayo midt i byen sentrum for lærdom, no er det meste i den nordlege delen av sentrum. I 1821 opna det statlege Universidad de Buenos Aires i ein campus nær elvebreidda. Nokre fakultet, slik som dei juridiske, medisinske, ingeniør- og økonomifakulteta, ligg i sentrum av byen. Universitetet har òg filialar i forstadane.

Nasjonalbiblioteket ligg i dei nye bydelane i nord, der ein òg finn det private Belgrano-universitetet, grunnlagd i 1964. Andre institusjonar for høgare utdanning i Buenos Aires er den nasjonale kunsthøgskulen frå 1904, det nasjonale musikkonservatoriet frå 1924, Argentina sitt katolske universitet frå 1958 og det nasjonale teknologiske universitet frå 1959.

Det juridiske fakultet ved UBA

Viktige porteños[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje viktige personar er født i Buenos Aires, slik som forfattaren Jorge Luis Borges, målaren Benito Quinquela Martín, landets første president Bernardino Rivadavia og tennisspelaren Gabriela Sabatini.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buenos Aires