Curaçao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flag of Curaçao.svg
Kvar Curaçao ligg på kartet

Curaçao (uttale [kura'são]) er ei mindre øy sør i det karibiske havet utanfor kysten av Venezuela. Ho er den største og mest folkerike av dei såkalla ABC-øyane (for Aruba, Bonaire og Curaçao). Fram til 10. oktober 2010 var ho ein del av Dei nederlandske Antillane, etter den datoen er ho eit eige autonomt land, underlagt det føderale monarkiet Kongeriket Nederlanda. Curaçao sin hovudstad er Willemstad.

Curaçao er 444 kvadratkilometer stor. Befolkninga er oppgjeve til 133,644 innbyggarar i 2004.

Historisk har Curaçao vore viktig for utviklinga av den nederlandske kolonimakta og den var sentral i slavehandelen. I det 20. hundreåret utvikla øya også ein betydeleg petroleumsindustri, der olje blei frakta over frå Venezuela og raffinert på Curaçao av Royal Dutch Shell. I dag er turisme og offshore-verksemd viktige næringsvegar.

Arkitekturen er svært interessant og Willemstad er på UNESCO si verdsarv-liste.

Curaçao er eit fleirspråkleg samfunn, der det blir snakka papiamento, nederlandsk, spansk og engelsk. Papiamento er førstespråk for eit fleirtal av folket, men både engelsk og nederlandsk har i tillegg offisiell status som statleg språk. Her er ein språkstrid på øya om kva som bør vere førstespråk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]