Mæcenas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gaius (Cilnius) Mæcenas (om lag 708 f.Kr.) var ein romersk politisk rådgjevar til keisar Augustus og ein kunstelskar som støtta fleire kunstnarar økonomisk. Han har gjeve opphav til ordet mesen.

I romerske tekstar er han hovudsakleg kalla Gaius Mæcenas, men Tacitus kalla han Cilnius Mæcenas, kanskje fordi Cilnius var morsnamnet hans.

Som nær venn og rådgjevar var Mæcenas mellom anna stadfortredar for keisar Augustus når han var i utlandet. Seinare skal vennskapen deira ha kjølna, kanskje fordi Augustus hadde eit forhold til kona hans, Terentia. Då han døydde utpeika likevel Mæcenas keisaren som sin einearving.

Mæcenas er likevel mest kjend for støtta han gav unge diktarar, noko som førte til at namnet hans er blitt synonymt med «kunstnarvenn» på mange språk. Han støtta mellom anna Vergil, og skal ha vore den som «oppdaga» Horats, som han gav ein gard aust for Roma slik at han skulle klara seg. Den rike velgjeraren hjelpte òg diktarar som er mindre kjende for ettertida, som Propertius, Varius Rufus, Plotius Tucca, Valgius Rufus og Domitius Marsus.

I tillegg til å dyrka fram dikt hjå andre, skreiv Mæcenas noko sjølv òg. Rundt tjue fragment av verka hans finst ennå.