Mönchengladbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mönchengladbach
Domkyrkja i Mönchengladbach
Domkyrkja i Mönchengladbach
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Mönchengladbach
Mönchengladbach is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Grunnlagd 974
Geografi
Flatevidd
 - By

170,43 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

266 073
  1 552/km²
Koordinatar 51°12′0″N 6°26′0″EKoordinatar: 51°12′0″N 6°26′0″E
Høgd over havet 70 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 41001-41239
Telefon-retningsnummer 02161, 02166
Bilnummer MG
Heimeside: www.moenchengladbach.de

Mönchengladbach er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 265 000 innbyggjarar. Byen ligg vest for Rhinen, midt mellom Düsseldorf og grensa til Nederland.

Det opphavlege namnet på byen var Gladbach, som i dag framleis ofte vert nytta om byen. For å skilje han frå ein annan by med same namn (i dag Bergisch Gladbach) tok han namnet München-Gladbach i 1888. Denne stavinga kunne folk mistolke som at Gladbach var ein bydel i München, og derfor vart namnet endra til Mönchen Gladbach i 1950 og Mönchengladbach i 1960.

Opphavet til byen var eit kloster grunnlagd i 974. Det vart kalla opp etter Gladbach, ei lita elv, som i dag renn under jorda. Klosteret og dei nærliggande landsbyane vart ein by på 1300-talet. I nærleiken låg byen Rheydt, som i dag er ein del av Mönchengladbach.

Mönchengladbach er heimstad for fotballlaget Borussia Mönchengladbach. Formel 1-sjåførane Nick Heidfeld og Heinz-Harald Frentzen og filosofen Hans Jonas var fødd her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mönchengladbach

Kjelde[endre | endre wikiteksten]