Madla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Madla er ein bydel i Stavanger med 18 991 innbyggjarar i pr. 2004. Flatevidda til bydelen er 13,87 km².

I Madla er det fire valkrinsar: Kvernavik, Sunde, Madlamark og Hafrsfjord.

Madla var ein eigen kommune i tidsrommet frå 1930 til 1965. Kommunen vart oppretta i 1930 då Håland herad vart delt i to. Madla kommune vart slegen saman med Stavanger kommune den 1. januar 1965. Folketalet i Madla var i 1964 5621. Madlamoen ekserserplass vart etablert i 1871 og er i dag rekruttskulen KNM Harald Hårfagre delt mellom Sjøforsvaret og Luftforsvaret.

Forfattaren Alexander Lange Kielland (1849-1906) budde på Madla ei stund. Den gongen var skrivemåten Malde, og Madla var landsbygd. Kielland kjøpte Malde Teglverk av syskenbarnet Jonas Christinius Kielland. Han overtok som eigar den 7. mars 1872 og selde vidare til driftsleiar John Aasland den 2. desember 1881.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]