Magnetometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mangetometer i bruk, 2004

Eit magnetometer er eit vitskapleg måleinstrument som vert nytta for å måle styrken og/eller retninga til eit magnetfelt.

Magnetometer vert nytta i geologien for å måle magnetfeltet til jorda (magnetosfæren). Framfor alt gjev jernhaldige mineral utslag i magnetometer og kan derfor hjelpe i jakta etter malmfunn. Dei vert òg nytta for å finne arkeologiske funnstader, skipsvrak og andre gravlagde lekamar. Magnetometer kan gjerast særs kjenslevare, og kan gje teikn på polarlysaktivitet før sjølve polarlyset vert synleg. Det finst eit nettverk av magnetometer rundt jorda som konstant målar effekten solvinden har på magnetfeltet til jorda.

Magnetometer finst òg innebygde i ulike mobiltelefonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]