Magnetosfære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av jordens magnetosfære under påvirkning av solvinden.

Ein magnetosfære er eit område rundt ein himmellekam med indre magnetfelt, der magnetfeltet har ein dominerande innverknad på rørsla til innkomande elektrisk ladde partiklar eller partiklar danna i atmosfæren til himmelekamen (ionisert av solvinden). Magnetosfæren vert danna ved at plasma i verdsrommet trykkjer på magnetfeltet, slik at det oppstår ei likevekt mellom dynamisk trykk frå plasmastraumen og magnetisk trykk frå magnetfeltet til himmelekamen. Magnetfeltet hindrar òg direkte inntrenging av plasma til magnetosfæren frå rommet. Den ytre grensa mellom magnetosfæren og det interplanetare rommet vert kalla magnetopausen.

Magnetosfæren til jorda, ofte berre kalla magnetosfæren, strekkjer seg frå det øvste laget av ionosfæren og noko utover eksosfæren. Dei andre planetane i solsystemet som har ein magnetosfære er Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun og Merkur. Det er òg påvist magnetfelt på Mars og jupitermånen Ganymede, men desse er for svake eller vekslande til å påverke rørsla til plasma i nemneverdig grad. Av dei nemnte planetene har Jupiter den desidert største magnetosfæren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]