Majkop
| Maikop Майкоп |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Adygeja | ||
| Grunnlagd Bystatus |
1857 1870 |
||
| Borgarmeister | Mikhail Tsjernitsjenko | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
308 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
156 700 508,8 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 220 moh | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 385000–385021 | ||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)8772 | ||
| Nettstad: adygheya.ru/territory/maykop | |||
Majkop (russisk Майкоп; adygisk Мыекъуапэ Myequape) er ein by i sør i Russland, og hovudstad i republikken Adygeja. Han har like under 160 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg på høgresida av elva Belaja.
Historie [endre]
Majkop vart grunnlagd i 1857 som ei russisk festning. Festninga fungerte som ein strategisk viktig utpost under kaukauskrigen. Majkop fekk bystatus i 1870. I 1911 vart det oppdaget reserver av olje i området ved byen. Etter den russiske revolusjonen var Majkop frå 1918 til mars 1920 i hendene på dei kvite (kontrarevolusjonære) styrkane. Frå august 1942 til januar 1943 var byen okkupert av tyskarane.
I utkanten av Majkop ligg ein stor gravhaug frå tidleg bronsealder (2000-talet f.Kr.). Haugen vart grave ut i 1897. Det vart gjort rike funn som no er oppbevart i Eremitasjen i St. Petersburg.
Økonomi og næringsliv [endre]
Dei viktigaste næringane i byen er næringsmiddelindustri, treforedling og maskinindustri. Like i nærleiken ligg dei viktige Majkop-oljefelta.
Kultur og utdanning [endre]
Majkop har eit institutt for adygisk språk, litteratur og historie.
|
|
||
|---|---|---|
| Administrasjonsstad: Majkop | ||
| Adygejsk | ||