Malabo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malabo
Malabo a 13-oct-01.jpg
Styresmakter
Land
Ekvatorial-Guinea
Grunnlagd 1827
Geografi
Innbyggjarar
 - By

Om lag 50 000
Koordinatar 3°45′″N 8°47′″EKoordinatar: 3°45′″N 8°47′″E
Plassering
GQ-Malabo.png

Malabo er hovudstad i Ekvatorial-Guinea, og ligg på nordsida av øya Bioko (tidlegare kalla Fernando Póo). Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, men dei siste åra har folketalet vokse raskt til om lag 100 000 i storbyområdet.

Byen vart grunnlagd av Storbritannia i 1827, som bygsla øya frå Spania under kolonitida. Byen fekk namnet Port Clarence og vart brukt som marinestasjon i eit forsøk på å slå ned på slavehandelen. Mange frigjorte slavar slo seg òg ned her, før Sierra Leone vart oppretta som koloni for frigjorte slavar. Sjølv om mange seinare flytta til Sierra Leone, kan ein framleis finne nokre av etterkomarane deira, kalla fernandinos, i Malabo. Dei dannar ei åtskild etnisk gruppe med sin eigen afro-portugisisk dialekt.

Då øya kom inn under spansk kontroll igjen, vart Malabo kalla Santa Isabel. Byen vart i 1969 vald som ny hovudstad i landet i staden for Bata på fastlandet, og i 1973 skifta han namn til Malabo, som eit ledd i president Francisco Macías Nguema sin plan om å byte ut europeiske stadnamn med meir «autentiske» afrikanske namn.

Under hans «terrorregime» dreiv Macías Nguema nærast eit folkemord mot Bubi-minoriteten i landet, som utgjorde størstedelen av folkesetnaden på Bioko. Han førte så sine eigne stammefolk, Fang, til Malabo. Dei siste åra han styrte vart Ekvatorial-Guinea stundom kalla «Afrikas Auschwitz», og store delar av innbyggjarane i byen flykta i lag med om lag ein tredjedel av innbyggjarane i landet. Malabo er enno ikkje bygd fullstendig opp att etter denne perioden.