Auschwitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbeit macht frei - arbeid gjer deg fri, frå inngangen til konsentrasjonsleiren
Krematorium i konsentrasjonsleiren

Auschwitz (tysk: Konzentrationslager Auschwitz) var eit tysk nazistisk konsentrasjonsleir-kompleks i det okkuperte Polen under den andre verdskrigen. Det fanst eit heilt system av slike leirar, men Auschwitz var den største og er blitt eit symbol på Holocaust, folkemordet på europeiske jødar og sigøynarar (roma, sinti).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1939 var Polen underlagt «Det tredje riket», som Tyskland då kalla seg. Tyskarane tok til å drøfta ein ny fangeleir, med grunngjevinga at fengselet i Schleisen var overfylt. Den polske byen Oświęcim var eit sentralt jernbaneknutepunkt, og dessutan budde det få folk her. Tyskarane tok over ein liten militærleir som blei gjort om til fangeleir i 1940. Dei brukte det tyske namnet på Oświęcim, Auschwitz, og gav leiren det offisielle namnet KL Auschwitz I. Seinare bygde dei Auschwitz II (Birkenau) på andre sida av byen, og Auschwitz III (Monowitz), ein arbeidsleir.

Planen var at leiren skulle brukast til tortur og drap av polakkar, men staden blei endestopp for jødar, sigøynarar, krigsfangar, homofile, og folk fra mange nasjoner. I 1941 bestemte Heinrich Himmler, leiaren av SS, at Auschwitz skulle bli sentrum for utryddinga av jødar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Da toga med menneske kom til Auschwitz, blei dei skilde i ein prosess kalla seleksjonen. Arbeidsføre blei sende til slaveleirane i komplekset, mens eldre, småbarn og mødrene deira blei sende rett i gasskammera i utryddingsleiren. Nokre barn blei oppbevart for å brukast til «medisinske eksperiment». Også i slaveleirane var mishandlinga av menneska så ekstrem at overlevingstida berre var eit par månader i snitt.

Mellom 1 og 1,5 millionar menneske blei drepne i Auschwitz, dei fleste jødar frå mange land, mellom dei Noreg, men og sigøynarar, politiske fangar frå Polen og andre land, og krigsfangar frå den sovjetiske hæren.

Om lag 7000 overlevande fangar i Auschwitz blei frigjorde av sovjetiske soldatar frå Den Raude Armeen den 27. januar 1945. Dette er sidan blitt den internasjonale Holocaustdagen.

Konsentrasjonsleiren vart i 1979 teke med på UNESCO si liste over verdsarv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Auschwitz