Malgobek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malgobek
Малгобек
Plassering
Malgobek is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Ingusjetia
Grunnlagd
Bystatus
1933
1939
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

44 659
Koordinatar 43°31′″N 44°35′″EKoordinatar: 43°31′″N 44°35′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 873462

Malgobek (russisk Малгобек, ingusjetisk МагIалбике – Maġalbike) er ein by i Republikken Ingusjetia i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 45 km nordvest for republikkhovudstaden Magas.

Malgobek vart grunnlagt i 1935 som ein busetnad for arbeidarar ved dei nyleg oppdaga oljefelta i nærleiken. Han fekk bystatus i 1939.

Under andre verdskrigen vart Malgobek okkupert av tyske troppar frå 12. september 1942 til 3. januar 1943, då han vart erobra attende av den raude armeen.

I løpet av 1990-talet vart folketalet dobla på grunn av flyktningar frå krigsområda i naborepublikken Tsjetsjenia.

Forutan oljeverksemda til selskapet Ingusjneftegasprom finst verksemder innan treforedling og næringsmiddelindustri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malgobek

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.