Malojaroslavets

Koordinatar: 55°0′N 36°28′E / 55.000°N 36.467°E / 55.000; 36.467
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malojaroslavets
Малоярославец
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Malojaroslavets Byåpenet til Malojaroslavets
Flagget til Malojaroslavets Byvåpenet til Malojaroslavets


Plassering
Malojaroslavets is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet
1776
Geografi
Flatevidd
 - By

18 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

31 061
  1 725,6 /km²
Koordinatar 55°0′N 36°28′E / 55.000°N 36.467°E / 55.000; 36.467
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48431

Malojaroslavets (russisk Малояросла́вец) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved høgre breidda av elva Luzja, rundt 60 km nordaust for Kaluga.

Malojaroslavets vart grunnlagd på slutten av 1300-talet av fyrst Vladimir Andrejevitsj av Serpukhov og vart kalla Jaroslavets etter son hans Jaroslav. I 1485 vart byen annektert av Storfyrstedømet Moskva og namnet vart endra til Malojaroslavets for å skilje han frå Jaroslavl.

Kloster ved Malojaroslavets

Under Napoleon sin invasjon av Russland vart slaget ved Malojaroslavets utkjempa i nærleiken av byen 12. oktober 1812.

Under den andre verdskrigen vart det òg utkjempa fleire harde kamper ved Malojaroslavets under slaget om Moskva i 1941–1942. Byen vart teken av den tyske armeen 18. oktober 1941 og vart gjenerobra av sovjetiske styrkar 2. januar 1942.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.