Krosstog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Antioka frå eit miniatyrbilete frå mellomalderen under det første krosstoget.

Krosstoga eller Krossferdene er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.

Ordet krosstog vert i dag òg ofte nytta om alle krigar som vert utkjempa av religiøse årsaker eller der motsetnadene fell saman med religiøse skiljeliner, spesielt om aggressive kristne kampanjar kring særskilde tema (krosstog mot umoral), og stigmatiserande som karakteristikk særleg av det sterke kristne engasjementet i samfunnsspørsmål. På engelsk, særleg amerikansk engelsk, nyttar ein ordet (crusade) om nær sagt alle kampanjar (til dømes mot narkotika).

Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har varte inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gang eit krosstog.

Historisk samanheng[endre | endre wikiteksten]

Situasjonen i Midtausten[endre | endre wikiteksten]

Den muslimske inntreda i Det heilage landet starta med erobringa av Palestina600-talet. Dette førte ikkje til dei store endringane i pilegrimsferdene til dei heilage kristne stadene eller gjekk utover tryggleiken til klostera og dei kristne samfunna i Det heilage landet, og vesteuropearane var meir fokusert på invasjonen til muslimane og andre fiendtlege ikkje-kristne som vikingane, slavarane og madjarane enn tapet av den fjerntliggande byen Jerusalem. Den aukande makta til muslimane i Midtausten auka derimot presset på det austlege ortodokse Austromarriket.

Ein annan faktor som medverka til at vesteuropearane endra haldninga si mot Austen kom i år 1009Fatimidkalifatet al-Hakim bi-Amr Allah gav ordre om å øydeleggje Den heilage grav-kyrkja. I 1039 lét etterfølgjaren hans austromarane byggje kyrkja opp att.[1] Pilegrimar fekk lov å reise til Det heilage landet både før og etter kyrkja vart bygd opp att, men i ein periode vart pilegrimane tatt til fange og nokre medlemmer av prestestanden vart avretta. Dei muslimske erobrarane forstod etter kvart at rikdomen til Jerusalem kom med pilegrimane og avrettinga av pilegrimane gav seg.[2] Skaden var derimot alt gjort og valdshandlingane til seljuk-tyrkarane var delvis årsaka til uroa som gav liv til Krosstoga. [3]

Situasjonen i Vest-Europa[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Krosstoga ligg i utviklinga av Vest-Europa tidlegare i mellomalderen, i tillegg til nedgangstidene i Austromarriket i aust, som førte til ei ny bølgje av åtak frå tyrkiske muslimar. Då Det karolingiske riket braut saman på 800-talet, kombinert med relativt stabile grenser innan Europa etter kristninga av vikingane, slavarane og ungararane, hadde ein store hærar som no brukte krigslysta til å kjempe mot kvarandre og terrorisere den lokale folkesetnaden. Kyrkja prøvde å stoppe valden med rørsla Gudsfreden, som hadde ein viss effekt, men dei profesjonelle soldatane søkte ein måte å få utløp for dugleiken sin, og for store delar av adelskapen vart ønsket om å utvide områda sine mindre og mindre. Eit unntak var Reconquista i Spania og Portugal, der iberiske riddarar og leigesoldatar i Europa fekk kjempe mot dei islamske maurarane, som hadde overtatt store delar av Den iberiske halvøya dei to føregåande hundreåra.

I 1063 gav pave Alexander II velsigninga si til dei iberiske kristne i krigen deira mot muslimane, og gav dei som fall i krigen både ein paveleg standardvelsigning (vexillum sancti Petri) og avlat. Då dei austromerske keisarane, som no var truga av seljukkane, bad om hjelp, var vesteuropearane meir enn klar til kamp. Dette skjedde i 1074 då keisar Mikael VII bad pave Gregorius VII om hjelp og i 1095 frå keisar Alexios I Komnenos til pave Urban II.

Kart over Den iberiske halvøya då Almoravid kom hit på 1000-talet og dei kristne kongedøma, inkludert Aragón, Castile, Leon, Navarre og Portugal

Krosstoga var delvis eit utløp for den intense religiøse gudsfrykta som steig opp seint på 1000-talet hos meinigmannen. Ein krossfarar vart, etter å ha uttalt eit høgtidleg løfte, krossa av handa til paven eller den pavelege legaten, og vart så rekna for «ein soldat av Kyrkja». Dette kom delvis av Investiturstriden, som starta rundt 1075 og som framleis eksisterte under det første krosstoget. Sidan begge sidene av Investiturstriden prøvde å få ålmenta på si side vart folket personleg engasjert i denne dramatisk religiøse striden. Dette førte til ei auka gudsfrykt og ein generell auke i religionsinteressa hos folket. Dette vart ytterlegare forsterka av religiøs propaganda som forfekta Rettferdig krig for å ta tilbake Det heilage landet—som inkluderte Jerusalem (der Jesus døydde, stod opp att og steig til himmelen i følgje kristen tru) og Antiokia (den første kristne byen)—frå muslimane. I tillegg var syndeforlating ein drivande faktor. Dette gav ein kvar gudfryktig mann som hadde synda ein utveg frå den evige pinsla i helvete. Det vart mykje debattert gjennom Krosstoga kva som eigentleg var meint med «syndeforlating». Dei fleste meinte at når dei hadde tatt Jerusalem ville dei gå rett til himmelen når dei døydde. Det er derimot mykje diskutert kva paven eigentleg lovde. Ein teori er at ein måtte døy for Jerusalem for at syndeforlatinga skulle gjelde, som ligg nærare det pave Urban II sa i talane sine. Dette tydde at om krossfararane klarte å gjenerobre Jerusalem, så ville ikkje dei overlevande få syndeforlating. Ein annan teori var at om ein nådde Jerusalem, så ville ein verte tilgjeve for syndene ein hadde gjort før Krosstoget. Derfor kunne ein framleis hamne i helvete for synder som vart gjort i etterkant.

Alle desse faktorane medverka til den store folkelege støtta til Det første krosstoget og den religiøse vitaliteten på 1100-talet.

Utløysande faktor[endre | endre wikiteksten]

Pave Urban II ved Rådet i Clermont, der han haldt ei oppflammande preike om å ta tilbake Det heilage landet.

Den utløysande faktoren for det første krosstoget var Alexios I si bøn til pave Urban II om leigesoldatar til å hjelpe han mot muslimane som erobra fleire av landområda til Austromarriket. Austromarane tapte slaget ved Manzikert i 1071, og dette førte til at dei tapte heile Litleasia (det moderne Tyrkia), bortsett frå kystområda. Sjølv om det hadde vore mislykka forsøk på forsoning etter det store skisma mellom den katolske kyrkja i vest og den ortodokse kyrkja i aust, håpte Alexios I på positivt svar frå Urban II og fekk det, sjølv om det vart i større omfang og mindre hjelpsamt enn han hadde venta.

Då det første krosstoget byrja i 1095 hadde dei kristne fyrstane nord i Iberia kjempa seg ut av fjella i Galicia og Asturias, Baskarland og Navarre med aukande suksess i om lag hundre år. Fallet til den mauriske byen Toledo i Kongedømet León i 1085 var ein stor siger, men vendepunktet var Reconquista som ikkje hadde byrja enno. Splittinga til dei muslimske emirane var ein avgjerande faktor.

Sjølv om Reconquista var det tydelegaste dømet på europeisk motstand mot dei muslimske erobringane, var det ikkje det einaste dømet. Den normanniske eventyraren Robert Guiscard hadde erobra «tåa til Italia», Calabria, i 1057 og forsvarte område på Sicilia som tradisjonelt hadde vore austromerske mot muslimane. Sjøstatane Pisa, Genova og Catalonia kjempa alle aktivt mot islamske høgborger på Mallorca og Sardinia, og frigjorde kysten av Italia og Catalonia frå muslimske plyndringstokt. Mykje tidlegare hadde dei kristne områda i Syria, Libanon, Palestina og Egypt med fleire, vorte erobra av muslimske arméar. Det å miste område til ein religiøs fiende var eit viktig motiv for å svare på keisar Alexios I si bøn om ein heilag krig for å forsvare kristendomen og ta tilbake dei tapte landområda i Midtausten.

Pavedømet til pave Gregorius VII hadde kjempa for å overbevise dei som meinte at heilag krig og det å utgyte blod for Herren var imot den kristne læra, og etter ei strid tørn løyste han det med konseptet «rettferdig vald». Ei viktigare årsak for paven var dei kristne pilegrimane som vart forfølgde i Det heilage landet. St. Augustin av Hippo hadde rettferdiggjord bruken av makt i Kristus si teneste i De civitate Dei og ein kristen «rettferdig krig» kunne styrke ein sterkt ambisiøs leiar av Europa, som Gregorius såg seg sjølv som. Nordbuarane ville verte forbunde til Roma og dei brysame riddarane fekk ta del i handlingar som passa dei. Kyrkja sine tidlegare forsøk på å stoppe slik vald, som med konseptet «Gudsfreden», hadde ikkje godt så bra som ho hadde håpa på. Sør for Roma viste normannarane korleis slik oppspart «krigsenergi» kunne nyttast mot både arabarar (på Sicilia) og austromarar (på fastlandet). Eit latinsk hegemoni i Levanten ville gje pavedømet makt til å ta over det økumeniske patriarkat i Konstantinopel, som hadde ført til det store skisma i 1054.

I austromarane sitt heimland hadde den austromerske keisaren vist svakheit med det katastrofale nederlaget i slaget ved Manzikert i 1071, som reduserte Riket sine asiatiske område til eit område vest i Anatolia og rundt Konstantinopel. Eit sikkert teikn på den desperate situasjonen til austromarane var bøna om hjelp frå Alexios I Comnenus til fienden sin, paven. Gregorius var derimot opptatt med Investiturstriden og kunne ikkje kalla på den tysk-romerske keisaren, og krosstoget tok derfor ikkje fatt på den tida.

Etterkomaren Urban II såg derimot på krosstoget som ein måte å sameine kristendomen igjen, støtte opp om pavedømet og kanskje bringe dei austlege områda under sin kontroll. Dei fiendtleg innstilte tyskarane og normannarane kunne ikkje reknast med, men hjarte og ryggraden i eit krosstog kunne finnast i Urban sitt eige heimland i Nord-Frankrike.

Etter det første krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Det første krosstoget utløyste ei bølgje av aukande kristen gudsfrykt og raseri hos ålmenta som gjorde seg gjeldande i krossfararane sin massakre av jødane gjennom Europa, i tillegg til dei valdelege handlingane mot dei «skismatiske» ortodokse kristne i aust. Under dei mange åtaka på jødane prøvde lokale biskopar og kristne å verne jødane mot hordane som raste forbi. Jødane fekk ofte søke tilflukt i kyrkjer og andre kristne bygg, men hordane braut seg likevel inn og tok livet av dei.

På 1200-talet førte ikkje Krosstoga til den same gløden i ålmenta og etter Akko fall for siste gong i 1291 og dei oksitanske katarane vart utrydda under albigenesarkrosstoget, var ikkje krossfararidealet lenger like stort på grunn av pavedømet sine politiske og territoriale åtak i det katolske Europa.

Den siste krossfararordenen av riddarar som eigde landområde var Maltesar- eller Johanittarordenen. Etter Akko fall for siste gong, tok dei kontroll over øya Rhodos og på 1500-talet vart dei driven bort til Malta, før dei vart fjerna for godt av Napoleon Bonaparte i 1798.

Krosstog[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt vert det rekna for å vere ni krosstog på 1000- til 1200-talet, i tillegg til fleire mindre tokt som fann stad samtidig og som ikkje har fått eit nummer. Det var fleire «mindre» krosstog gjennom denne perioden, ikkje berre i Palestina, men òg på Den iberiske halvøya og i Sentral-Europa mot muslimar, kristne kjettarar, paven sine personlege fiendar eller andre mektige monarkar. Slike «krosstog» haldt fram til 1500-talet og renessansen og reformasjonen, då det politiske og religiøse miljøet i Europa endra seg stort frå slik det var i mellomalderen.

Det første krosstoget 1095-1099[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det første krosstoget.
Krossfararane gjer mange skrekkelege handlingar mot muslimane: Masseavrettingar, dei avhogne hovuda til muslimane vart kasta inn i omleira byar, nakne og mishandla, muslimske lik vart stilt opp til utstilling eller til og med kannibalisme som i omleiringa av Maarat i 1098.[4]

I mars 1095 under Rådet i Piacenza bad ambassadørar sendt av den austromerske keisaren Alexios I om hjelp til å forsvare riket sitt mot seljuk-tyrkarane. Seinare same året, ved Rådet i Clermont, kalla pave Urban II til seg alle kristne for å gå til krig mot tyrkarane og lovde at dei som døydde ville få forlating for alle syndene sine.[5]. Krossfararhærane klarte å slå to store tyrkiske styrkar ved Dorylaeum og Antiokia, før dei marsjerte til Jerusalem med berre ein brøkdel av den opphavlege styrken. Brutaliteten var stor, inkludert omfattande kannibalisme under omleiringa av Maarat i 1098. I 1099, under omleiringa av Jerusalem tok krossfararane byen i eit stormåtak og massakrerte innbyggjarane, som var vanleg på denne tida i byar der innbyggjarane hadde gjort motstand.[6] Som følgje av det første krosstoget vart det oppretta fleire mindre Krossfararstatar, mest kjend Kongedømet Jerusalem.

Krosstoget i 1101[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Krosstoget i 1101.

Etter dette krosstoget følgde ei ny og mindre suksessrik bølgje av krossfararar. Dette vart kalla Krosstoget i 1101 og kan reknast som ein del av det første krosstoget.

Det andre krosstoget 1147–1149[endre | endre wikiteksten]

Europa i 1142
For meir om dette emnet, sjå Det andre krosstoget.

Etter ein relativt fredeleg periode der kristne og muslimar levde side om side i Det heilage landet, erobra muslimane byen Edessa. Fleire predikantar ropte på eit nytt krosstog, særleg Bernard av Clairvaux. Franske og sørtyske arméar under kongane Ludvig VII og Konrad III marsjerte til Jerusalem i 1147, men klarte ikkje å vinne nokre avgjerande sigrar og erobra Damaskus, som då var ein sjølvstendig by som ikkje var underlagt Nur ad-Din enno, hovudfienden til krossfararane.[7] På den andre sida av Middelhavet hadde det andre krosstoget stor suksess då ei gruppe nordeuropeiske krossfararar stoppa i Portugal og i lag med portugisarane tok tilbake Lisboa frå muslimane i 1147. [7] I 1150 hadde kongane av Frankrike og Tyskland reist heim igjen utan resultat. St. Bernard av Clairvaux, som i preikane sine hadde oppmuntra til det andre krosstoget, var oppskaka av den feilretta valden og nedslaktinga dei jødiske folkesetnadane i Rheinland.[8] Nordtyskarar og danskar gjekk til åtak på vendarane i 1147 under det vendiske krosstoget, som òg vart mislykka.

Det tredje krosstoget 1187–1192[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det tredje krosstoget.

I 1187 tok Saladin, sultanen av Egypt, tilbake Jerusalem etter slaget ved Hattin. Pave Gregorius VIII kalla saman til eit krosstog, som vart leia av fleire av dei viktigaste leiarane i Europa: Filip II av Frankrike, Rikard I av England (òg kjend som Rikard Løvehjarta) og Fredrik I av Det tysk-romerske riket. Fredrik drukna i Kilikia i 1190 og etterlet ein ustabil allianse mellom engelsk- og franskmennene. Før han kom til Det heilage landet erobra Rikard øya Kypros frå austromarane i 1191.[7] Kypros fungerte som krossfararane sin base i hundreåra som følgde og var eit vesteuropeisk område fram til Det osmanske riket erobra øya frå Republikken Venezia i 1571.[7] Filip reiste heim i 1191 etter at krossfararane hadde gjenerobra Akko frå muslimane. Krossfararhæren gjekk sørover langs kysten av Middelhavet. Dei slo muslimane nær Arsuf, gjenerobra hamnebyen Jaffa og hadde Jerusalem i syne.[7] Rikard trudde derimot ikkje han ville klare å halde Jerusalem om dei erobra han og mesteparten av krossfararane reiste tilbake til Europa og krosstoget enda utan at Jerusalem vart tatt.[7] Rikard oppretta ein våpenkvileavtale med Saladin og reiste heim året. Avtalen gjorde at pilegrimar frå Europa kunne reiste til Det heilage landet (Jerusalem), sjølv om han framleis var under islamsk kontroll.

På veg heim kantra skipet til Rikard og han enda opp i Austerrike der fienden hans, hertug Leopold tok han til fange. Hertugen leverte Rikar til keisar Henrik VI, som haldt kongen som gissel. I 1197 følte Henrik seg klar for eit krosstog, men døydde same året av malaria. Rikard I døydde under kampar i Europa og reiste aldri tilbake til Det heilage landet. Det tredje krosstoget vert stundom kalla «Kongekrosstoget».

Det fjerde krosstoget 1202–1204[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det fjerde krosstoget.

Det fjerde krosstoget vart sett i gang i 1202 av pave Innocent III med intensjonen om å invadere Det heilage landet gjennom Egypt. Fordi krossfararane mangla midlar til å betale for leige av flåten og provianten dei hadde fått av Republikken Venezia fekk dogenEnrico Dandolo krossfararane til å gjenerobre byen Zara (Zadar) som betaling. Sidan dei etter kvart mangla proviantar og leigeperioden for fartøya var i ferd med å gå ut, valde leiarane å gå til Konstantinopel, der dei prøvde å setje inn ein austromar i eksil på trona. Etter ei rekkje misforståingar og utbrot av vald, plyndra krossfararane byen i 1204. Dette vert ofte sett på som det endelege brotet i Det store skisma mellom ortodoks kristendom og den romersk-katolske kyrkja.

Albigensarkrosstoget[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Albigensarkrosstoget.

Albigensarkrosstoget starta i 1209 for å fjerne dei kjetterske katarane frå Oksitania (den sørlege delen av dagens Frankrike). Det var ein fleire tiår lang kamp som hadde like mykje å gjere med Nord-Frankrike sitt ønske om å ekspandere sørover som det hadde med kjetteri å gjere. Til slutt vart både katarane og det sjølvstendige Sør-Frankrike utrydda.

Barnekrosstoget[endre | endre wikiteksten]

Dei kristne statane i Levanten.
For meir om dette emnet, sjå Barnekrosstoget.

Barnekrosstoget var ei rekkje, kanskje oppdikta eller mistolka hendingar i 1212. Soga fortel at den gamle folkelege entusiasmen for krosstoga blussa opp igjen hos born i Frankrike og Tyskland. Dette tolka pave Innocent III som ei irettesetjing frå himmelen av dei uverdige foreldra til borna. Leiaren av den franske hæren, Stefan, førte 30 000 born. Leiaren av den tyske hæren, Nikolas, førte 7 000 born. Ingen av borna kom seg fram til Det heilage landet. Dei vart anten lovd gratis skyss og seld som slavar i Egypt og Nord-Afrika, døydde i skipsforlis i Middelhavet, reiste heim att, slo seg ned langs ruta til Jerusalem eller døydde av svolt på reisa.

Det femte krosstoget 1217–1221[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det femte krosstoget.

Med prosesjonar, bøner og preiker prøvde Kyrkja å starte eit nytt krosstoget og det fjerde rådet i Lateran (1215) formulerte ein plan for å ta tilbake Det heilage landet. I den første fasen slo ein krossfararhær frå Ungarn og Austerrike seg saman med styrkane til kongen av Jerusalem og fyrsten av Antiokia for å ta tilbake Jerusalem. I den andre fasen klarte krossfarar på utruleg vis å erobra Damietta i Egypt i 1219, men etter at pavelegaten Pelagio insisterte drog dei vidare til eit dumdristig åtak på Kairo i juli 1221. Krossfararane snudde om då forsyningane deira gjekk tom. Sultan Al-Kamil av Egypt gjorde så eit kraftig åtak på nattestid og påførte krossfararane store tap og til slutt overgav heile hæren seg. Al-Kamil gjorde avtale om ein åtte år lang fredsavtale med Europa.

Det sjette krosstoget 1228–1229[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det sjette krosstoget.

Keisar Fredrik II hadde fleire gonger svor at han skulle leggje ut på eit krosstog, men levde ikkje opp til ordet sitt og for dette vart han bannlyst av pave Gregorius IX i 1228. Han reiste ikkje desto mindre frå Brindisi og gjekk i land i Palestina, og gjennom diplomati oppnådde han uventa resultat. Jerusalem, Nasaret og Betlehem vart gjeve over til krossfararane i ein periode på ti år.

Det sjuande krosstoget 1248–1254[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det sjuande krosstoget.

Pavedømet sine interesser gjennom tempelherrane førte t il ein konflikt med Egypt i 1243 og året etter vart ein styrke frå Khwarezmid-imperiet samla saman av Egypt og Jerusalem vart storma. Krossfararane vart trekt ut i kamp ved La Forbie i Gaza. Krossfararhæren og dei beduinske leigesoldatane deira var langt færre enn baibararstyrken til Khwarezmid-imperiet og vart totalt knust i løpet av 48 timar. Slaget vert av mange historikarar rekna som dødsstøytet for Kongedømet Outremer. Tapet av Jerusalem førte ikkje til det same sinne i Europa som tapet i 1187 hadde gjort, men Ludvig IX av Frankrike organiserte eit krosstog mot Egypt frå 1248 til 1254, og la ut frå den nye hamna Aigues-Mortes i Sør-Frankrike. Krosstoget var mislykka og Ludvig haldt seg stort sett ved hoffet til krossfararstaten i Akka. I løpet av dette krosstoget fann òg Gjetarkrosstoget stad i 1251.

Det åttande krosstoget 1270[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det åttande krosstoget.

Det åttande krosstoget vart organisert av Ludvig IX i 1270, igjen med utgangspunkt Aigues-Mortes. Den opphavlege planen var å hjelpe restane av krossfararstatane i Syria. Krosstoget vart derimot avleidd til Tunis, der Ludvig var i to månader før han døydde. For dette vart Ludvig seinare kanonisert (byen St. Louis i Missouri i USA er kalla opp etter han). Det åttande krosstoget vert stundom rekna som det sjuande om det femte og sjette krosstoget vert rekna som eitt og same krosstog. Det niande krosstoget vert stundom òg rekna som ein del av det åttande.

Det niande krosstoget 1271–1272[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det niande krosstoget .

Den framtidige Edvard I av England la ut på ein annan ekspedisjon i 1271 etter å ha reist saman med Ludvig i det åttande krosstoget. Han oppnådde ikkje stort i Syria og etter ein våkenkvileavtale trekte han seg tilbake året etter.

I dei siste åra deira då dei var truga av dei egyptiske mamelukkane kvilte håpet til krossfararane på ein fransk-mongolsk allianse. Ein trudde at Mongolane støtta kristendommen og dei franske fyrstane hjelpte mongolane med invasjonane deira av Midtausten ved fleire høve. Sjølv om mongolane kom seg så langt sør som til Damaskus i desse felttoga, klarte ikkje krossfararane å koordinere dette med åtak frå vest og tapte slag som slaget ved Ain Jalut i 1260. Mamalukkane nådde til slutt målet sitt med å reinse Midtausten for dei vantru franskmennene. Etter at Antiokia (1268), Tripoli(1289) og Akka (1291) var tapt vart dei kristne som ikkje hadde forlate desse byane anten massakrert eller gjort til slavar og dei siste spora etter kristen styre på det syriske fastlandet forsvann.[9][10]

Det siste frankiske området var øya Ruad, tre kilometer utanfor kysten av Syria, som var okkupert i fleire år av tempelherrane, men ho vart til slutt tapt til mamelukkane i omleiringa av Ruad 26. september 1302.

Dei nordlege krosstoga (Baltikum og Tyskland)[endre | endre wikiteksten]

Den tyske riddarordenen i Pskov i 1240 som skildra i Sergej Eisenstein sin film Alexander Nevsky (1938).
For meir om dette emnet, sjå Dei nordlege krosstoga.

Krosstoga i Austersjøområdet og i Sentral-Europa var forsøk på av (hovudsakleg tyske) kristne på å undertvinge og omvende folk i desse områda til kristendomen. Desse krosstoga varte frå 1100-talet, samstundes med det andre krosstoget, til 1500-talet.

Samstundes med det andre krosstoget kjempa saksarar og danskar mot polabiske slavarar i det vendiske krosstoget i 1147. På 1200-talet kjempa den tyske riddarordenen, leia av tyskarar, polakkar og pommeranarar mot gamalprøysarane under det prøyssiske krosstoget.

Mellom 1232 og 1234 var det eit krosstog mot stedingarar. Dette krosstoget var spesielt, fordi stedingarane verken var heidningar eller kjettarar, men katolikkar. Dei var frie frisiske bønder som motsette seg forsøk frå greven av Oldenburg og erkebiskopen av Bremen-Hamburg på å ta frå dei fridomen. Erkebiskopen bannlyste dei og pave Gregorius IX erklærte eit krosstog i 1232. Stedingarane vart slått i 1234.

Andre krosstog[endre | endre wikiteksten]

Krosttoget mot tatarane[endre | endre wikiteksten]

I 1259 herja mongolar leia av Burundai og Nogai Khan fyrstedøma Halytsj-Voljnia, Litauen og Polen. Etter dette prøvde pave Aleksander IV å opprette eit krosstog mot den blå horden, men mislukkast.

1300-talet slo khan Tokhtamysh saman dei blå og kvite hordane og danna den gyldne horden. Det kan sjå ut til at den gyldne horden byrja å få meir makt, men i 1389 gjorde Tokhtamysh ei katastrofal avgjerd då han gjekk til krig mot den tidlegare meisteren sin, den store Tamerlane. Tamerlane sine hordar plyndra omkring det sørlege Russland og lamma økonomien til den gyldne horden og viska rett og slett bort forsvarsverka deira i desse landområda.

Etter å ha tapt krigen vart Tokhtamysh så fjerna frå trona av khan Temur Kutlugh og emir Edigu, støtta av Tamerlane. Då Tokhtamysh bad Vytautas den store om støtte for å ta tilbake horden, samla Vytautas saman ein stor hær som inkluderte litauarar, rutenarar, russarar, mongolar, moldovarar, polakkar, rumenarar og tyske riddarar.

I 1398 drog den enorme hæren frå Moldavia og erobra dei sørlege steppene heilt til elva Dnepr og den nordlege Krimhalvøya. Inspirert av den store suksessen deira erklærte Vytauta eit krosstog mot tatarane med støtte frå pave Boniface IX. Så i 1399 reiste hæren til Vytautas igjen mot horden. Hæren hans møtte horden ved elva Vorskla, like innanfor Litauen.

Sjølv om den litauiske hæren var utstyrt med kanoner, klarte dei ikkje stå i åtaket bakfrå av Edigu sin reservestyrke. Vytautas klarte så vidt å rømme i live. Mange fyrstar av slekta hans, kanskje så mange som 20, mista livet (som Stefan Musat, fyrsten Moldavia og to av brørne hans, medan ein fjerde vart hardt skada) og dei sigrande tatarane omleira Kiev. Samstundes døydde Temur Kutlugh av skadane han fekk i slaget, og Tokhtamysh vart myrda av ein av sine eigne menn.

Krosstoga på Balkan[endre | endre wikiteksten]

For å slå tilbake det ekspanderande Osmanske riket vart det utført fleire krosstog på 1400-talet. Dei mest kjende av desse er:

Det aragonesiske krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Det aragonesiske krosstoget vart sett i stand av pave Martin IV mot kongen av Aragón, Peter III den store, i 1284 og 1285.

Alexandriakrosstoget[endre | endre wikiteksten]

Alexandriakrosstoget i oktober 1365 var eit mindre sjøbasert krosstog mot den muslimske byen Alexandria leia av Peter I av Kypros. Motivasjonen hans var like mykje kommersiell som religiøs og han hadde berre begrensa suksess.

Husittarkrosstoget[endre | endre wikiteksten]

Husittarkrosstoget, òg kalla husittarkrigane eller «bøhmarkrigane», var militære handlingar mot tihengjarane til Jan Hus i Böhmen i perioden 1420 til om lag 1434. Husittarkrigane var truleg den første krigen i Europa der bruken av handhalde kruttvåpen som muskettar var ein avgjerande faktor. Taborittar-delen av husittarkrigarane var i hovudsak eit infanteri som slo mange større hærar med armerte riddarar, og etter kvart gjorde dette at fleire gjekk over til denne måten å krige på. Krigen enda utan sigerherrar.

Dei svenske krosstoga[endre | endre wikiteksten]

Det svenske krosstoget i Finland i mellomalderen har tradisjonelt vorte delt inn i tre «krosstog»: Det første svenske krosstoget rundt 1155, det andre svenske krosstoget rundt 1249 og det tredje svenske krosstoget i 1293.

Det første svenske krosstoget er stort sett segnaktig, og i følgje dei fleste historikarar i dag, fann det aldri stad slik som det vert skildra i segnene og resulterte heller ikkje i band mellom Finland og Sverige. Det vart hovudsakleg funne på seint på 1200-talet for å datere det svenske styret i Finland lenger bak i tid. Ingen historiske data har overlevd til å skildre det andre krosstoget, men det fann truleg stad og enda med ei erobring av det sørvestlege Finland. Det tredje var mot Novgorod og er grundig dokumentert av begge sider i konflikten.

I følgje arkeologiske funn var Finland stort sett kristna alt før dei påståtte krosstoga. Dermed kan ein sjå på desse «krosstoga» som reine erobringstokt der hovudmålet var å utvide områda sine. Tokta vart først kalla krosstog på 1800-talet av nasjonalromantiske svenske og finske historikarar.

Kristne med andre meiningar om krosstoga[endre | endre wikiteksten]

Mange kristne (anten i form av tru eller ved samfunnspolitisk status) gjennom historia har distansert seg frå konseptet om væpna krosstog i religionen sitt namn. Til støtte for dette synet viser dei til at Gud i følgje Bibelen ikkje har gjeve kristne rett til å tvinge trua si eller levesettet sitt på andre, men i staden vise Jesus sin kjærleik for mennesket i samsvar med kjærleiken og tilgjevinga dei har fått av Gud. Følgjene av krosstoga vart dermed hemmande for spreiinga av kristendommen.

Historisk perspektiv[endre | endre wikiteksten]

Vestleg og austleg historiografi viser forskjellige syn på krosstoga, hovudsakleg fordi «krosstog» påkallar svært forskjellige assosiasjonar som «krosstog» som ein tapper kamp for ei god sak, og «krosstog» som eit uttrykk for barbari og aggresjon. Desse motståande syna er ikkje noko nytt sidan kristne i alle tider har kjempa med forholdet mellom militær aktivitet og den kristne læra om å «elske fiendane sine» og «vende det andre kinnet til». Av desse årsakene var krosstoga eit kontroversielt tema sjølv medan dei pågjekk.

Vestlege kjelder omtalar både heltemot, tru og ære (særleg i litteratur om riddarar i romantikken), men òg om brutale gjerningar. Ortodokse kristne og islamske krønikeskrivarar fortel historier om barbarisk hjarteløyse og brutalitet, sjølv om den første islamske historia om krosstoga først vart skrive i 1899. Før den arabiske nasjonalismen voks fram på 1900-talet var krosstoga så godt som ukjende i den islamske verda.[11]

Vestlege og andre tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Landa i Sentral-Europa, trass i at dei høyrte til vestleg kristendom, var dei som var mest skeptiske til ideen om krosstoga. Mange byar i Ungarn vart plyndra av passerande krossfararar. Den polske fyrsten Leszek I den kvite nekta å delta i eit krosstog (visstnok på grunn av dei ikkje hadde mjød i Palestina).

Fleire moderne historikarar i vesten har uttrykt moralsk raseri mot krosstoga gjennom 1900-talet.

Islamsk perspektiv[endre | endre wikiteksten]

Krosstoga hadde ein forbigåande, men ikkje ugløymande innverknad på den islamske verda. Historiografien om krosstoga i Midtausten er mindre utvikla samanlikna med den i Vesten. Dei viktigaste muslimske kjeldene om denne tidsepoken er krønikene til Ibn al-Athir og Ibn al-Qalanasi, som fortel om krigane med krossfararane. Det arabiske ordet for krosstog, al-hurub a-salibiyya (krosskrigane) er eit moderne uttrykk. Krønikarane refererer rett og slett til konfliktane som krigane med fienden, t.d. frankarane ('al-ifranj').

Austleg ortodoks perspektiv[endre | endre wikiteksten]

Som muslimane ser òg dei austleg-ortodokse kristne på krosstoga som åtaka «frå barbarane i vest», men har plyndringa av Konstantinopel i 1204 i sentrum. Mange lekamar og kulturgjenstandar som vart stole frå Konstantinopel ligg framleis i Vesten, i Vatikanet og andre stader. I dag pågår det ein krangel mellom tyrkarane og grekarane om kven som har rettane til Markushestane føre fasaden til Markusskyrkja i Venezia. Grekarane hevdar at frisene er ein del av gresk kultur og identitet, på same måte som Parthenonskulpturane (Elgin Marbles), medan tyrkarane argumenterer for at dei opphavleg stod i det som i dag er Istanbul.

Rykte i vesten[endre | endre wikiteksten]

I Vest-Europa har krosstoga tradisjonelt vorte sett på som lekmannen sine heltemodige eventyr, men den entusiasmen til dei store massane gjaldt stort sett berre det første krosstoget, som svært frå av deira klasse kom tilbake frå. I dag er den sarasenske fienden symbolisert ved Saladin, medan fienden hans, Rikard Løvehjarte, er den erketypiske krossfararkongen i den engelskspråklege verda. Fredrik Barbaraossa og Ludvig IX fyller dei same rollene i tysk og fransk kultur.

Sjølv i krossfarartida så vart krosstoga og leiarane deira romantisert i folkelitteraturen. «Chanson d'Antioche» vart ein chanson de geste som omhandla det første krosstoget og «Rolandskvadet» omhandlar Karl den store og var direkte påverka av dei pågåande krosstoga der ein gjekk så langt at ein byta ut baskararane, som var fienden hans, med muslimar. Eit populært tema hos trubadurane var riddaren som skulle vinne kjærleiken til kvinna si ved å dra austover i krosstog.

Den eviglevande Fredrik Barbarossa i fjellgrotta si - tysk treutskjering frå seint på 1800-talet

På 1300-talet slo Godfred av Bouillon følgje med mellom anna Aleksander den store då han vart innlemma som ein Dei ni heltane, som skulle uttrykket det riddarlege idealet fram til 1500-talet. Seinare vart meir autentiske historier populære hos folket gjennom romantikken og romanane til Sir Walter Scott tidleg på 1800-talet. Ein kan finne symbol på krosstoga sjølv i krimkrigen, der Storbritannia og Frankrike var allierte med det muslimske Osmanske riket, og i den første verdskrigen, særleg Allenby si erobring av Jerusalem i 1917.

I Spania er folkefortejlinga om krosstoga overgått av dei spanske historiene om Reconquista. El Cid er ein sentral figur i desse sogene.

Kvinnerolla[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell historiografi omtalar krosstoga som ei maskulin rørsle som symboliserer ære og mannleg mot. Kvinnene var derimot òg involvert.

Den viktigaste rolla til kvinnene i Vesten under krosstoga var å ta seg av heimane, og stundom òg lena, medan mennene var borte. Det mest kjende dømet er Adela av Blois, kona til Stefan av Blois som skriv brev til kona si, som styrte godset hans, medan han var på krosstog. Breva har delvis overlevd til i dag. Mennene kunne reise til Det heilage landet utan å uroe seg om heimane sine fordi konene deira styrte eigedomane og familiane.[12]

Sjølv om dei fleste kvinnene støtta krosstoga heimefrå, valde enkelte kvinner å ta krossen sjølv og dra på krosstog. Aristokratiske kvinner som vart med på krosstoga oppdaga at dei fekk nye posisjonar med autoritet som dei ikkje hadde i Vesten. Eleanor av Aquitaine, den rike dronninga av Frankrike og kona til Ludvig VII, tok krossen frå St. Bernard av Clairvaux på påskesøndag i 1145 for å reise saman med mannen sin.[13] Ei anna kvinne som fekk stor politsk makt i Austen var Melisende av Jerusalem, som etter lova fekk arverettane til krona då mannen hennar døydde. Som Eleanor, førte aldri Melisende troppar i kamp, men ho deltok i diplomatiske handlingar. Barnebarnet Sibylla av Jerusalem var ikkje like heldig og valet av ektemann viste seg å verte avgjerande. Det andre giftarmålet hennar med Guy av Lusignan gjorde han til konge etter at Baldwin IV døydde, med katastrofale følgjer.

Dei permanente innbyggjarane i krossfararstatane kom vanlegvis ugifte frå Europa. Svært mange gifte kvinner frå Puglia i Sør-Italia, der levevilkåra ofte var harde, oppfordra unge kvinner til å reise til Palestina for å sjå seg om etter ektemenn der.

Den mest kontroversielle rolla til kvinner i krosstoga var dei som deltok i kamphandlingar. Men når ein analyserer kjeldene som omhandlar dette må ein vere forsiktig. Sogene om kvinner i kamp kjem hovudsakleg frå muslimske historikarar med mål om å framstille dei kristne kvinnene som barbariske og gudlause ved at dei myrda og drap. Kristne soger omtalar berre kvinner som måtte kjempe i nødverge for å verne om leirane sine eller sitt eige liv. [14]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Riddarordenar
Kjende motstandarar

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Denys Pringle, «Architecture in Latin East» i The Oxford History of the Crusades ed. Jonathan Riley-Smith (New York:Oxford University Press, 1999) s. 157
  2. Madden, s. 5
  3. Madden, s. 8
  4. "Les Croisades, origines et consequences", p.62, Claude Lebedel, ISBN 2-7373-4136-1
  5. Fulcher of Chartres, Medieval Sourcebook.
  6. Islam and Europe Timeline (355-1291 A.D.)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Lewis, Archibald (Januar 1988) Nomads and Crusaders: AD 1000-1368. – Indiana University Press. ISBN 9780253206527.
  8. Crusades i The New Catholic Encyclopedia, New York: McGraw-Hill Book Company, 1966, Vol. IV, s. 508.[1]
  9. Hetoum II (1289‑1297)
  10. Det tredje krosstoget: Omleiringa av AKka
  11. Maalouf, Amin. Crusades Through Arab Eyes.
  12. Jonathan Riley-Smith. The First Crusaders 1096–1131, New York, NY: Cambridge University Press 1997, 99.
  13. Roy Douglas Davis Owen. Eleanor of Aquitaine : queen and legend, Oxford, UK; Cambridge, Mass: Blackwell Publishing 1993, 22.
  14. Helen Nicholson. “Women on the Third Crusade. Journal of Medieval History (23) no.4 (1997) pp. 337.”

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krosstog

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Crusades frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Atwood, Christopher P. (2004). The Encyclopedia of Mongolia and the Mongol Empire. Facts on File, Inc. ISBN 0-8160-4671-9.