Gerald Ford
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gerald Ford | |
| President i USA | |
| Regjeringstid | 9. august 1974–20. januar 1977 |
|---|---|
| Fødd | 14. juli 1913 i Omaha i Nebraska |
| Død | 26. desember 2006 i Rancho Mirage i California |
| Føregjengar | Richard Nixon |
| Gift med | Betty Warren Ford |
Gerald Rudolph Ford (14. juli 1913–26. desember 2006) var ein politikar i USA. Han var visepresident i USA frå 1973, då han vart utpeika etter Spiro Agnew. Ford vart president i USA i 1974 då Richard M. Nixon måtte gå av etter Watergate-skandalen. Ford var nummer 38 i rekkja av presidentar. Ford si store avgjerd som president var å gje straffefridom til Nixon. Avgjerda gjorde mykje til han han seinare måtte gå av som president etter å ha tapt valet mot Jimmy Carter.
Ford var den einaste amerikanske presidenten som ikkje er vorte vald korkje som visepresident eller president.