Mandriva Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mandriva Linux

Mandriva Linux, som tidlegare gjekk under namnet Mandrake Linux, er ein kommersiell distribusjon av operativsystemet Linux. Det er det franske selskapet Mandriva som står bak utviklinga av distribusjonen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva av det som då var Mandrake, kom ut i juli 1998, og var basert på Red Hat Linux versjon 5.1. Mandrake skilde seg etter kvart meir og meir frå Red Hat distribusjonen med eigne verktøy for å lette systemadministrasjonen.

I 2004 tapte utviklarane av Mandrake Linux, Mandrakesoft, eit søksmål som vart retta mot dei av Hearst Corporation, eigarane av King Features Syndicate som saksøkte dei for brot mot den varemerkebeskytta teikneserien Mandrake. Mandrakesoft anka saka, men fjerna mellomrommet i distribusjonsnamnet så MandrakeLinux vart det nye namnet på distribusjonen frå versjon 10.0.

I 2005 slo MandrakeSoft seg saman med det brasilianske føretaket Conectiva som og utvikla ein kommersiell linuxdistribusjon. Conectiva Linux og Mandrakelinux vart dermed slått saman til Mandriva Linux.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Tux.svg
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio