Manganknoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manganknoll

Manganknollar er uregelmessige, svarte eller brunsvarte klumpar som hovudsakleg består av mangan- og jernoksid med ein indre, konsentrisk bandstruktur. Storleiken av knollane varierer men er vanlegvis omkring 3–5 cm, vekta om lag 100 gram. Knollane kan innehalde opptil 55 % mangan, 35 % jarn og 2 % nikkel, kobolt og koparar, men samansetnaden varierer innan vide grenser.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Manganknollene finst spreitt på botnen av djuphavet, der det er liten tilførsel av sediment frå land. Nokre stader kan dei òg finnast i innsjøar, til dømes i Nord-Amerika. Knollane er danna ved kjemisk utfelling frå vatnet, moglegvis hjelpt ved bakteriell eller anna biologisk verksemd. Vekstsnøggleiken er særs lita, truleg berre nokre få millimeter per million år. I Stillehavet opptrer dei over omtrent 10 % av havbotnen, i Indiahavet og Atlanterhavet er dei noko mindre konsentrert.

Industriell nytte[endre | endre wikiteksten]

I framtida vil manganknollane kanskje bli skrapa eller soge opp frå havbotnen og nytta for produksjon av mangan og ei rekkje andre metall. Resursane er særs store, men det byr på problem å avgjere kven som skal ha retten til slik undersjøisk mineraldrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]