Mangostan
| Mangostan | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Malpighiales | |
| Familie: | Clusiaceae | |
| Slekt: | Garcinia | |
| Art: | G. mangostana | |
| Vitskapleg namn | ||
| Garcinia mangostana | ||
Mangostan (Garcinia mangostana) er eit tre i slekta Garcinia, med ei purpurfarga, velsmakande frukt som er om lag like stor som ein mandarin. Mangostan kjem truleg opphavleg frå Sundaøyane og Molukkane i søraust-Asia. Frukta er kuleforma, med eit tjukt skal og 5-7 saftige, kvite frøkapper rundt frøa.
Treet veks berre i tropeklima, og frukta held seg dårleg. Jamvel frøa døyr ved transport over lange avstandar, fordi dei tørkar ut. Det har difor ikkje vore særleg mykje import av denne frukta til vår del av verda, og der frukta er å få tak i, er prisen svært høg.
Skalet på frukta frå mangostantreet skal ha vore brukt som naturmedisin (jmf kjerringråd) i søraust-Asia.
Dei siste åra har mangostanfrukta og jus frå denne frukta vorte marknadsført i vesten som eit kosttilskot med nærast mirakuløse eigenskapar. Det vert mellom anna påstått at frukta inneheld svært mange antioksydantar og såkalla COX-2-hemmarar, og at desse skulle verka smertestillande og betennelsehemmande.
Skalet til mangostanfrukta inneheld mykje antioksydantar og svært mange ulike bindingar som inneheld xanthon. Desse stoffa har eigenskapar som ein trur kan vera helsefremjande, men forskinga på xanthon har enno ikkje kome så langt at vitskapen har kunna konkludera eintydig med at mangostan har desse positive eigenskapane. Skalet har ein særs bitter smak, og jusen vert difor blanda med jus frå andre bær og frukter for å få ein god smak. Ein får difor ikkje den vidgjetne smaken av mangostanfrukta i jusen.