Markaryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°28′00″N 13°36′00″E

Markaryd kyrkje

Markaryd er ein svensk by og centralort i Markaryd kommun i Kronobergs län i landskapet Småland ved elva Lagan. I 2011 hadde byen 3 966 innbyggjarar. Markaryd ligg langs E4 mellom Helsingborg og Stockholm nær grensa mellom Skåne og Småland, om lag 30 km nord for Hässleholm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Markaryd var fram til Roskildefreden i 1658 ein viktig grenseby for Sverige. I 1638 blei andre poststasjonen i Sverige lagt her for å knyte Stockholm til posttrafikken frå Danmark og det øvrige Europa. Etter at Skåne blei erobra av Sverige vart staden mindre viktig.

På slutten av 1800-talet blei det lagt jernbane frå Åstorp til Jönköping, og ein frå Hässleholm til Halmstad. Desse banane kryssa kvarandre i Markaryd, som dermed blei eit jernbaneknutepunkt. Jernbanen er i dag mindre viktig, så jernbanen til Åstorp er nedlagd, og det same er banen nordover. Banen mellom Hässleholm og Halmstad eksisterer framleis, men nyttast i dag berre til godstrafikk og X 2000 mellom Malmö-Göteborg og nattoga mellom Malmö-Stockholm/Oslo via Hässleholm og Göteborg.

I og med at vegen mellom Helsingborg og Stockholm gjekk gjennom Markaryd vart staden viktigare. Framfor alt voks det fram ein industri basert på verkstads- og skogsproduktføretak.

Markaryd har omfattande industriverksemd. Nibe Industrier AB er eit av dei største føretaka. På staden er daglegvarebutikken ICA Kvantum, ein nybygd kino, ein symjehall (som blei bygd om til badeland sommaren 2005) samt hotell, fleire restaurantar og barar. Ein finn òg fleire pizzeriaer og frisørsalongar.

Den andre helga i september kvart år vert ein av dei største haustmarknadane i Sverige haldne her, Markaryds marknad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Markaryd