Markuspasjonen av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Markuspasjonen
BWV 247
Pasjonsmusikk av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1731
Første framføring 23. mars 1731
Publiseringsdato 1974
Typisk lengd 102:49

Markuspasjonen (tysk Markuspassion), BWV 247, er ein tapt pasjon av Johann Sebastian Bach. Sjølv om musikken til Bach er tapt finst libretto til Picander og ut frå denne har det til ein viss grad vore mogeleg å rekonstruere musikken. I motsetnad til dei andre pasjonane til Bach, var Markuspasjonen truleg ein parodi - der eksisterande satsar frå andre verk er nytta om att. Markuspasjonen ser ut til å nytte nesten heile Trauer Ode (BWV 198) i lag med to ariar frå BWV 54. I tillegg vart to koralar frå Markuspasjonen nytta i Bachs juleoratorium. Dermed manglar berre eit par ariar, som er tekne frå andre Bach-verk når ein prøver å rekonstruere verket. Sidan resitativa til Bach er tapt, nyttar dei fleste utgåvene i dag resitativ komponerte av Reinhard Keiser, eit verk Bach sjølv framførte minst to gonger. Bachs Markuspasjonen vart først framført i Leipziglangfredag 23. mars 1731. Teksten er skriven av Picander, Christian Friedrich Henrici, og finst i ei poesisamling frå 1732. I tillegg til kapittel 14 og 15 i Evangeliet etter Markus er det berre åtte fri ariar og 16 salmesatsar i tillegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]