Marmolada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marmolada
Marmolada - Marmolada i juli 2004
Marmolada i juli 2004
Høgd over havet 3 343 moh
Ligg i/på Italia
Fjellkjede Dolomittane
Primærfaktor 2 113 m
Koordinatar 46°26′N 11°51′EKoordinatar: 46°26′N 11°51′E
Fjelltype Granitt
Førsteklatring 28. september 1864

Marmolada (ladinsk Marmoleda, tysk Marmolata) er det høgaste fjellet i Dolomittane nordaust i Italia med ei høgd på 3 343 meter over havet. Fjellet består av ein rygg som går frå vest til aust. Mot sør består fjellet av ein fleire kilometer lang stupbratt vegg. På nordsida finn ein relativt flate isbrear, mellom anna den einaste store breen i Dolomittane, Marmoladabreen (Ghiacciaio della Marmolada).

Ryggen består av fleire toppar med dei høgaste i vest: Punta Penia (3 343 m), Punta Rocca (3 309 m), Punta Ombretta (3 230 m), Monte Serauta (3 069 m) og Pizzo Serauta (3 035 m). Det går ein taubane til toppen av Punta Penia.

Paul Grohmann var den første til å nå toppen av fjellet. Det skjedde i 1864 langs nordruta.

Før den første verdskrigen gjekk grensa mellom Austerrike og Italia langs Marmolada, slik at fjellet danna ein del av frontlinja. Austerrikske soldatar var innkvartert i djupe tunnelar inn i breen på nordsida og italienske soldatar ved stupet på sørsida. Sidan isbreane trekkjer seg tilbake vert det stundom funne restar og ting etter soldatane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marmolada

Kjelde[endre | endre wikiteksten]