Marmurovi Pecjeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marmorgrottene (russisk Мра́морная пещера, ukrainsk Мармурова печера, krimtatarisk Mermer qobası) er ei grotteKrimhalvøya, i Tsjatyr-Dag-massivet. Det er eit populært turistmål.

I 1987 vart grotta oppdaga med eit komplekst system av haller og galleri, ikkje langt frå dei andre grottene Bin Basj-Koba (Tusen hovud) og Suuk-Koba (Kald).[1] Den nye grotta som ligg 920 meter over havet vart kalla Marmor (opphavleg nytta ein namnet Afghan), fordi ho er forma av marmorert kalkstein.[2] Frå 1988 byrja arbeidet med å legge stiar inn og lyssette grotta.

Grotta vert rekna som eit av dei sju naturlege underverka i Ukraina.[3] Ho er ein av dei mest vitja grottene i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 44°47′49″N 34°16′43″E