Mary Macmaster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Macmaster
Fødd22. november 1955 (68 år)
OpphavStorbritannia
Instrumentharpe
Verka sommusikar

Mary Macmaster (fødd 22. november 1955 i Glasgow) er ein skotsk harpist og songar.[1] Ho spelar keltisk harpe og Camac elektroharpe, og syng på engelsk og gælisk. Ho har arbeidd i lag med Sting, Kathryn Tickell, Norma Waterson, Donald Hay, Poozies, og i duoen Sìleas med Patsy Seddon. I 2013 blei ho og Seddon innførte i Scottish Traditional Music Hall of Fame.[2][3]

Som tenåring kjøpte Macmaster ei billig harpe som viste seg å ha metallstrengar, slik som den tradisjonelle keltiske harpa. Utan opplæring i denne eldre harpetypen var ho mest sjølvlært i å spela på henne. I 1977 studerte ho på ein sommerskole halden av Clàrsach Society, og tre år seinare blei ho student i keltologi ved Universitetet i Edinburgh. Ho spelte inn eit album som medlem av bandet Sprangeen. I 1985 var ho ferdig med utdanninga, og saman med Patsy Seddon, ein medstudent som òg var medlem av Sprangeen, danna ho harpduoen Sileas. Same året byrja ho å spela på ein av dei fyrste modellane av elektrisk harpe laga av Joël Garnier. Macmaster har vore medlem av folkemusikkgruppa The Poozies sidan 1990, og er den einaste gjenverande grunnleggjaren.[3]

Sidan 2022 har ho vore sceneansvarleg ved Edinburgh International Harp Festival.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sprangeen - (Springthyme SPR 1013 - 1984)
  • Clan Alba - 1995
  • Sugar Cane - med Shine - 2001
  • Bright Shiny Morning - med Norma Waterson - 2000
  • La Boum! Marionette (samlealbum) - 2005
  • Cold Blow These Winter Winds - (samlealbum) - 2006
  • Kathryn Tickell & Ensemble Mystical
  • Songs of Separation - med Songs of Separation - (2016)

Med Sileas

  • Delighted with Harps (Lapwing, 1986)
  • Beating Harps (Green Linnet Records SIF 1089 - 1987)
  • Harpbreakers (Lapwing Records LAP 127 - 1990)
  • Play on Light (1996)

Med The Poozies

  • Dansoozies (1993)
  • Chantoozies (1995)
  • Come Raise Your Head (1997)
  • Infinite Blue (1998)
  • Raise Your Head: A Retrospective (2000)
  • Changed Days Same Roots (2003)
  • Yellow Like Sunshine (2009)
  • Into the Well (2015)
  • Punch (2018)

Med Donald Hay

  • Love and Reason (2009)
  • Hook (2012)

Som gjest

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mary Macmaster». Arkivert frå originalen 10 December 2010. Henta 4. desember 2020. 
  2. «Mary Macmaster». Henta 4. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Scottish Traditional Music Hall of Fame: Sileas – Patsy Seddon and Mary Macmaster». Henta 4. desember 2020. 
  4. «Festival Team». Henta 3. februar 2022.