Mary Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For forfattaren med same namn, sjå Mary Robinson (1757–1800).
Mary Robinson
Mary Robinson World Economic Forum 2013 crop.jpg
Mary Robinson under World Economic Forum i 2013
Foto: Michael Wuertenberg/World Economic Forum
Fullt namn Mary Therese Winifred Robinson, fødd Bourke;
irsk Máire Mhic Róibín
Yrke Jurist, professor
Fødd 21. mai 1944, Ballina i County Mayo i Flag of Ireland.svg Irland
Ektefelle Nicholas Robinson

Mary Robinson (fødd 21. mai 1944) er ein irsk sosialdemokratisk politikar. Ho var den første kvinnelege presidenten av Irland, og sat i stillinga frå 1990 til 1997. Frå 1997 til 2002 var Mary Robinson SN sin høgkommissær for menneskerettar.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Mary Robinson er utdanna jurist, og blei 25 år gammal professor i forfatningsrett og strafferett ved Trinity College i Dublin.

Frå 1969 til 1989 var Robinson medlem av det irske senatet. 7. november 1990 blei ho vald til president i Irland, som den første kvinna.

Mary Robinson møter ei somaliske jordmor i 2011.

Mary Robinson blei utnemnd til SN sin høgkommissær for menneskerettar i 1997, og trekte seg frå presidentstillinga for utløpet av presidentperioden. I 2002 blei ho ærespresident for Oxfam International. Dette året skipa ho også Realizing Rights: the Ethical Globalization Initiative. Etter den planlagde avsluttinga av organisasjonen i 2010 flytta Robinson tilbake til Irland og skipa The Mary Robinson Foundation - Climate Justice, som har som føremål å verna og hjelpa fattige mot globale klimaendringar.

Robinosn er tilsett som leiar for Institute for Human Rights and Business og Universitetet i Dublin. Sidan 2004 har ho også vore tilsett som professor ved Columbia University. Ho er styremedlem av Mo Ibrahim Foundation, som arbeider for god leiarskap i Afrika, og er medlem i kommiteen for Mo Ibrahim-prisen.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Mary Therese Winifred Bourke er dotter av to legar, Aubrey Bourke og Tessa Bourke (fødd O'Donnell). Ho gifta seg med historikaren Nicholas Robinson i 1970. Ettersom han var protestant og ho var katolikk, motsette foreldra hennar seg ekteskapet, og kom ikkje til vigselen. Dei blei seinare sameinte att. Mary og Nicholas Robinson har tre born.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mary Robinson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]