SN sin høgkommissær for menneskerettar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SN sin høgkommissær for menneskerettar (eng. Office of the UN High Commissioner for Human Rights, OHCHR, tidlegare UNHCHR) er ei spesialavdeling i SN-systemet som blei oppretta i 1994 for å verna om menneskerettane som er skrivne ned i Menneskerettsfråsegna frå 1948 og garanterte under folkeretten. Høgkommissæren har formell rang som visegeneralsekretær i SN.
Avdelinga blei grunnlagd på basis av ei anbefaling frå verdskonferansen om menneskerettar i 1993, etter påtrykk frå mellom anna dei nordiske landa. Arbeidet hennar er retta mot styresmakter i form av direkte rådgjeving, forpliktande avtalar og traktatar, og skiping og og bygging av statlege og ikkje-statlege institusjonar.
Høgkommissærar [endre]
- José Ayala-Lasso (
Ecuador 1994-1997) - Mary Robinson (
Irland 1997-2002) - Sérgio Vieira de Mello (
Brasil 2002-2003) - Louise Arbour (
Canada 2003-2008) - Navi Pillay (
Sør-Afrika frå 2008)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «FNs høykommissær for menneskerettigheter» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2011.