Massif du Vercors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Digital høgdemodell av Vercors-massivet

Vercors er eit platå i departementa Isère og Drôme i austlege delar av Frankrike. Fjellkjeda er ein del av Préalpes. Ho ligg vest for Dauphiné-Alpane, med elvane Drac og Isère i mellom. Den austlege fjellsida grensar opp mot Grenoble. Ho består av fleire skisenter, der Villard-de-Lans er det største.

Dei høgaste toppane på Vercors er:

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske okkupasjonen av Frankrike under den andre verdskrigen omkom mange frå den franske motstandsrørsla under kampar i 1944 på platået. Etter dette vart landsbyar på platået frisett frå tyskarane. I juni 1944 vart det erklært for Republikken Vercors, den første demokratiske staden i Frankrike sidan byrjinga av den tyske okkupasjonen i 1940. 5. juni 1944 vendte den franske regjeringa i London seg til folket i Vercors, og bad dei ta til våpen og kjempe mot den tyske hæren som var på veg til Normandie. Som følgje av dette landa tyske fallskjermjegarar på platået og slo brutalt ned på opprøret og terroriserte busetnaden på platået med valdtekt og tortur. 600 franskmenn omkom.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Massif du Vercors

Koordinatar: 44°58′N 5°25′E