Grenoble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grenoble
Grenoble i 2002 med dei snødekte Dauphiné-Alpane i bakgrunnen.
Grenoble i 2002 med dei snødekte Dauphiné-Alpane i bakgrunnen.
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Isère
Geografi
Flatevidd
 - By

18,13 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

157 500
  8 456/km²
514 559 (1999)
Koordinatar 45°11′16″N 5°43′37″EKoordinatar: 45°11′16″N 5°43′37″E
Høgd over havet 212 m
Diverse anna
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering
Grenoble dot.png

Grenoble (frankoprovensalsk: Grasanòbol) er ein by og kommune søraust i Frankrike, ved foten av Alpane. Byen ligg der elvane Drac og Isère renn i hop. Grenoble høyrer til regionen Rhône-Alpes og er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Isère. Grenoble har nesten 160 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 514 559 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grenoble er omringa av fjell. I nord ligg Chartreuse, i vest Massif du Vercors og i aust Belledonne. Byen vert ofte vitja av sykkelrittet Tour de France og vert ofte kalla «Alpane sin hovudstad». Byen er stort sett bygd på elvesletta til elva Isere, i ei høgd på om lag 214 meter. Fjellsport har gjort byen til ein viktig turistby, og meir enn 20 skisenter ligg omkring byen. Det næraste er Le Sappey-en-Chartreuse.

Sidan byen ligg i botn av ein dal er det ofte alvorleg luftforureining på grunn av biltrafikk, brenning av søppel, kjemiske fabrikkar, papirfabrikkar og til og med eit kjernefysisk testlaboratorium. Strålingsdetektorar står med faste intervall langs elva Drac.

Grenoble har lenge vore eit senter for tungindustri og gruvedrift. Sjølv i dei minste landsbyane rundt Grenoble kan ein finne forlatne fabrikkar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har hatt forskjellige namn gjennom historia:

  • CularoAllobroges bygde festningsverk rundt den litle byen på 200-talet.
  • Gratianopolis etter 380 då den vestromerske keisaren Gratian vitja byen og forsterka bymurane.

Etter at Romarriket kollapsa vart byen først ein del av Bourgogne, før han vart teken av Clotaire I, konge over frankarane og son av Clovis. Seinare gjekk byen vidare til dei karolingske kongane, så igjen til kongedømet Arles i Bourgogne og til slutt til hertugane i Vienne. Grenoble vart hovudstad i Dauphiné, ein provins i Frankrike, frå 1349, då den siste hertugen i Vienne selde regionen til Frankrike med vilkår om at arvingen til den franske krona måtte bruke tittelen Dauphin.

Grenoble var vertsby for vinter-OL 1968.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grenoble