McCluresundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
McCluresundet i Nordvestpassasjen

McCluresundet (engelsk: McClure Strait) er eit sund i Nordishavet, inne i det canadiske Nordvestterritoria. Sundet utgjer den vestlegaste delen av Parrykanalen og knyt Melvillesundet i aust saman med Beauforthavet i vest. Det skil Banksøya i sør frå Elisabetøyane Melvilleøya, Patrickøya og Eglintonøya i nord. På det smalaste punktet er McCluresundet omkring 75 kilometer breitt.

McCluresundet er som regel dekt med pakkis, også om sommaren. Sommaren 2007 viste satellittbilete for fyrste gong at sundet var fullstendig fritt for is.[1]

Sundet er kalla opp etter briten Robert McClure, den fyrste som sigla gjennom heile Nordvestpassasjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]