Elisabetøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elisabetøyane i Canada.
██ Nunavut██ Nordvestterritoria██ Quebec██ Grønland

Elisabetøyane (engelsk: Queen Elizabeth Islands) er ei gruppe øyar aller lengst nord i Canada, mellom 74° og 83° N. Øygruppa er skilt frå Grønland av Naressundet, og frå dei kanadiske øyane Baffinøya i søraust av Lancastersundet og Kitlineq i sørvest av Melvillesundet. Øyane dekker ei total landvidd på 418 961 km2. Dei fleste øyane i øygruppa høyrer til Nunavut-territoriet, dei vestlegaste til Nordvestterritoria (fleire av øyane er delt mellom dei to territoria).

Øygruppa består av mange store øyar, med Ellesmereøya som den største. Andre store øyar er Devonøya, Melvilleøya, Axel Heibergs land, Bathurstøya, Ellef Ringnes' øy, Amund Ringnes' øy og Patrickøya.

Klimaet er arktisk, vegetasjonen er tundra, på fleire av øyane ligg store isbrear. Dei fleste øyane er utan fast busetnad, største landsbyen er Resolute på Cornwallisøya med vel 200 innbyggarar. Hovudnæring er oljeleiting og –boring.

Europearar vitja øyane fyrste gongen i 1616. Kartlegginga av øygruppa var ikkje fullførd før tidleg på 1900-talet.

Øygruppa er oppkalla etter den britiske dronninga Elisabet II. Ho vart krona til dronning av Canada i 1953. Før den tid kalla ein øygruppa for Parryarkipelet.