Melvillesundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melvillesundet i Nunavut

Melvillesundet (engelsk Viscount Melville Sound) er eit sund i Kitikmeot i Nunavut i Canada. Sundet er ein del av Parrykanalen og skil Kitlineq og Prince of Wales Island frå Elisabetøyane. Aust for sundet ligg Lancastersundet, som munnar ut i Baffinbukta; mot vest ligg McCluresundet og Nordishavet. Sundet er ein del av Nordvestpassasjen.[1]

I 1853 forlét Edward Belcher skipet sitt, HMS «Resolute», i Melvillesundet. Ekspedisjonen han leia, var på leiting etter John Franklin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Viscount Melville Sound». The American Heritage Dictionary of the English Language: Fourth Edition. bartleby.com. 2000. Henta 12. oktober 2008.