Megan Lindholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Megan Lindholm

Pseudonym Megan Lindholm, Robin Hobb
Statsborgarskap USA
Fødd 5. mars 1952 (72 år)
Berkeley
Yrke skribent, romanforfattar, science fiction-forfattar
Sjanger fantasy
Ektefelle Fred Ogden
Megan Lindholm på Commons

Margaret Astrid Lindholm Ogden (f. 1952 ) er ein fantasy-forfattar frå USA. Frå 1983 til 1992 nytta ho forfattarnamnet Megan Lindholm. Etter ein pause relanserte ho seg sjølv under pseudonymet Robin Hobb i 1995.

Bøker utgjevne som Megan Lindholm[endre | endre wikiteksten]

Windsinger[endre | endre wikiteksten]

  • Harpy's Flight (1983)
  • The Windsingers (1984)
  • The Limbreth Gate (1984)
  • Luck of the Wheels (1989)

Reindeer People[endre | endre wikiteksten]

  • The Reindeer People (1988)
  • Wolf's Brother (1988)

Andre bøker[endre | endre wikiteksten]

Bøker utgjevne som Robin Hobb[endre | endre wikiteksten]

The Farseer Trilogy[endre | endre wikiteksten]

The Farseer Trilogy følgjer FitzChivalry Farseer (Fitz), den uekte sonen til ein kronprins i riket The Six Duchies frå morfaren forlet han utanfor slottet i barndommen til han vert vaksen og kjempar om kontrollen over riket. Ein annan kongeleg «bastard» lærer Fitz opp til å verta kongeriket sin snikmordar, ei rolla han seinare utfordrar på mange plan. Etter at faren til Fitz abdiserar og forsvinn, byrjar ei knallhard rivalisering mellom dei to yngre brørne hans. Fitz kastar seg inn i denne kampen, og vert ein viktig støttespelar for eldste onkelen sin, Verity. I boka Assassin's Quest prøver dei å finna The Elderlings, eit folkeslag dei berre har lese om i gamle segner, for å få hjelp til å redda riket sitt frå den korrupte tronranaren Regal.

Ein spesiell detalj i kongehuset Farseer (Dei som ser langt) er at alle medlemene har namn etter eigenskapar. Til dømes heiter kongen Shrewd (Klok) og sønene hans heiter Chivalry (Riddarleg), Verity (Sanning) og Regal (Kongeleg)

  • Assassin's Apprentice (1995)
  • Royal Assassin (1996)
  • Assassin's Quest (1997)

The Liveship Traders[endre | endre wikiteksten]

The Liveship Traders går føre seg hovudsakleg i hamnebyen Bingtown, ein koloni under Jamaillia sør for The Six Duchies, der den høgst respekterte familien Vestrit slost innbyrdes og mot andre for familien si æra og rikdom og Bingtown si framtid som handelsstad. Sjøfarar- og handelsfamiliane i Bingtown er dei einaste i verda som har liveships, skip laga av ein type forheksa tre frå The Rain Wild. Desse skipa har sine eige liv og ei fri vilja som gjev dei eigenskapar ingen andre skip har. Me møter òg piratkongenen Kennit, handelsfamiliane frå The Rain Wild og pompøse herskarar frå Jamaillia.

  • Ship of Magic (1998)
  • The Mad Ship (1999)
  • Ship of Destiny (2000)

The Tawny Man[endre | endre wikiteksten]

Serien om The Tawny Man tek historia om The Six Duchies vidare, og utdjupar det nære venskapet mellom Fitz og The Fool, profeten som hadde arbeid som hoffnarr i The Farseer-trilogien. No kallar han seg Lord Golden, kjempar ein tilsynelatande endelaus kamp for å få Fitz til å oppfylla profetiane hans. The Six Duchies har fått ein ny tronfølgjar, prins Dutiful, som er søskenbarnet til Fitz. Den komande monarken skal giftast vekk, og maken hans kjem med ei vanskeleg utfordring.

  • Fool's Errand (2002)
  • Golden Fool (2003)
  • Fool's Fate (2003)

The Soldier Son[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i Farseer-, Liveship- og Tawny Man-bøkene gjekk føre seg i fantasiverda Realm of the Elderlings. The Soldier Son Trilogy høyrer til eit anna univers.

  • Shaman's Crossing (2005)
  • Forest Mage (2006)
  • Renegade Magic (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Megan Lindholm