Fantasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alvar frå Shakespeare i The Marriage of Oberon and Titania av John Anster Fitzgerald.

Fantasy er ein sjanger innan litteratur, film, biletkunst og spel som skildrar fantastiske univers der ein til dømes finn oppdikta vesen og magi. Sjangeren kan overlappa science fiction, og blir derfor ofte gruppert saman med denne.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Assyriske fabelfigurar med vengjer.
For meir om dette emnet, sjå Fantasy-litteratur.

Myter, soger og eventyr kan alle ha fantastiske element, og dannar mykje av grunnlaget for seinare fantasy-dikting. Motiv som ein dugande helt og kampen mellom gode og vonde krefter, fabeldyr som drakar eller talande dyr og medvitne plantar, førestillingar om hekser, trollmenn og spådommar kan førast svært langt tilbake.

Det fantastiske har gått igjen både i folkelitteratur og litteratur med kjend forfattar gjennom tidene. Nokre døme er dei satiriske verka Gullivers reiser (1726) av Jonathan Swift og Niels Klims reise til den underjordiske verden (1741) av Ludvig Holberg.

Utviklinga av realistisk litteratur førte til eit skarpt skilje mellom fiksjon som låg nært opptil den verkelege verda («realistisk») på den eine sida og fiksjon med umoglege element på den andre («fantastisk»). Ein møtestad mellom desse to sjangerane blir kalla magisk realisme.

J.R.R. Tolkien vert ofte rekna som den viktigaste forfattaren av fantasy. Storverket hans om Ringdrotten bygde mellom anna på norrøn og finsk mytologi, men Tolkien skapte si eiga verd med nye vesen som hobbitar og orkar. Både universet hans (Middle-earth eller Midgard) og sjølve verdsskapinga inspirerte ei rekkje seinare forfattarar og andre fiksjonsskaparar. Ursula K. Le Guin, Anne McCaffrey, Robert Jordan og Terry Brooks er døme på forfattarar som har skapt eigne fantastiske univers. Andre forfattarar som C.S. Lewis, J.K. Rowling og Philip Pullman har også skapt fantasy der magiske univers eksisterer parallelt med den verkelege verda i seriane Drømmen om Narnia, Harry Potter og Den mørke materien. I verka til mellom anna H.P. Lovecraft og Neil Gaiman opptrer det fantastiske ofte som ei skummel underside av det vanlege livet. Terry Pratchett skil seg frå meir seriøs fantasy ved å nytta ei meir humoristisk og tidvis parodierande form av sjangeren.

Drama[endre | endre wikiteksten]

Nattens dronning frå ein produksjon av Tryllefløyten ved Von Krahl-teateret i Tallinn.
For meir om dette emnet, sjå fantasy-film.

Iscenesetjing av fantastiske hendingar har vore vanleg i skodespel gjennom tidene, som til dømes i Ein midtsommarnattsdraum av Shakespeare, operaen Tryllefløyten av Mozart eller Niebelungenringen av Wagner. Då film blei utvikla tok ein raskt i bruk filmtriks for å framstilla endå meir fantastiske scener. Til dømes skildra stumfilmen Le Voyage dans la Lune frå 1902 av Méliès-brørne ei fantastisk reise til månen basert på verk av Jules Verne og H.G. Wells. The Thief of Bagdad frå 1924, etter eit eventyr frå 1001 natt, hadde ei rekkje spesialeffekter som flygande teppe og fryktelege monster. Andre tidlege fantasy-filmar blei skapte av tyske ekspresjonistar som F.W. Murnau og Fritz Lang. Det blei etterkvart utvikla ei heil rekkje undersjangrar av fantasyfilm, som riddarfilmar (særleg inspirert av kong Artur-legender), vampyrfilmar, eventyrliknande filmar av mellom anna Disney, monsterfilmar som King Kong og Godzilla og filmar om superheltar.

Star Wars-filmane frå 1977 og utover demonstrerer det svake skiljet mellom fantasy og science fiction, medan filmar som Conan the Barbarian (1982), The Neverending Story (1984) og filmatiseringane av Ringdrotten (2001–2003) og Harry Potter-serien (2001–2011) viste den korte vegen mellom fantasyfilm og -litteratur.

Fantasy har også kome til uttrykk gjennom utkleding i tradisjonar som laivrollespel, cosplay og ulike møte for fantasy-fans.

Spel[endre | endre wikiteksten]

Fantasy har vore ein viktig inspirasjon for fleire kort- og rollespel som Dungeons & Dragons og Magic: The Gathering og dataspel som Zork, Final Fantasy og Diablo. Slike spel kan finna inspirasjon frå tidlegare verk, som Tolkien-verda, eller ha si eiga førhistorie som gjer spela til frittståande fantasyverk. Opplevinga av det fantastiske kan vera ordbasert, som i rollespel med penn og papir eller tekstbaserte dataspel, meir visuelt, som i biletbaserte dataspel, eller ei blanding av begge delar, som i laivrollespel.

Ornament med fabeldyr frå Heddal stavkyrkje.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

'Den siste kentauren' (1922) av Boris Artzybasheff.

Avbildingar av fantastiske skapningar og hendingar går tilbake til oldtida, til dømes gjennom avbildingar av lamassuar, griffar og demonar. Illuminerte manuskript, til dømes bestiarium, og mellomalderarkitektur er andre former der fantastiske vesen går igjen.

Romantikken tok opp att gamle myter og overlevert folketru, og kunstnarar fann inspirasjon til nye tolkingar, ofte som illustrasjonar til utgjevingar av eventyr, dikt og annan litteratur. Theodor Kittelsen, Arthur Rackham og fleire prerafaelittar er døme på utøvarar av fantastisk kunst på 1800- og tidleg på 1900-talet.

I moderne fantasykunst er Tolkien-illustratøren Alan Lee, H.R. Giger, Frank Frazetta og Boris Vallejo nokre viktige formgjevarar.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Fantasy-musikk kan vera musikk inspirert av ulike fantasyverk eller sjangrar, og/eller musikk laga for å skapa ei trolsk stemning. Dette kan til dømes vera filmmusikk eller bakgrunnsmusikk til ulike dataspel. Artistar innan ulike musikktypar som prog-rock eller heavy metal kan finna inspirasjon innan fantasy, eller danna nye undersjangrar som trollmann-rock.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • fantasy (28.02.2013) i Store norske leksikon.
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.