Melodi Grand Prix 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1982
Dato
Finale 20. mars 1982
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Ivar Dyrhaug
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Adieu»
Artist Jahn Teigen og Anita Skorgan
Resultat i Eurovision Song Contest 1982
Finalepoeng 40
Finaleplass 12.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1981 Melodi Grand Prix 1983

Melodi Grand Prix 1982 var den 22. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti bidrag tevla i finalen 20. mars 1982, og vinnaren blei «Adieu» framført av Jahn Teigen og Anita Skorgan. Songen er komponert av Jahn Teigen, medan Herodes Falsk skreiv teksten. Duoen Teigen og Skorgan representerte Noreg i den internasjonale finalen i Harrogate, der «Adieu» enda på 12. plass med 40 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Etter fiaskoen året før, brukte NRK ein ny metode for å finne dei ti finalebidraga. Ein melodi, «Adieu», blei spesialinvitert av NRK, medan ein jury plukka ut fire songar blant 480 innsendte til NRKs opne tevling.[1]

I tillegg hadde NRK henta inn ti bidrag frå medlemmar av Forum for ord og toner. Songane blei framførte to og to over fem veker hausten 1981 i TV-programmet Kom inn!, leia av Harald Tusberg. Vinnaren av kvar duell gjekk til finalen 20. mars.

Finalen gjekk av stabelen i Studio 2 på Marienlyst, og Ivar Dyrhaug debuterte som programleiar i Melodi Grand Prix. Dei ti finalelåtane blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen.

Fleire kjende komponistar og artistar deltok, mellom anna Inger Lise Rypdal, Alex, Trond Granlund, Dollie og Kari Bremnes. Marius Müller blei slått ut i kvalifiseringa. Dette året dukka også Rolf Løvland for første gong opp i Melodi Grand Prix, då som komponisten bak bidraget «Kom heim».

Vinnaren blei kåra av elleve distriktsjuryar, og «Adieu» vann ein overlegen siger.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Adieu» Jahn Teigen og Anita Skorgan Jahn Teigen og Herodes Falsk 116 1
B «Lady Di» Inger Lise Rypdal Nissa Nyberget og Lars Mjøen 88 2
C «Lisa» Trond Granlund Kristian Lindeman og Philip A. Kruse 67 5
D «Perfekte engel» Alex Alex Sandøy/Svein Gundersen og Lars Kilevold/Sandøy 75 4
E «Vi får, vi gir, vi går, vi blir» Frank Aleksandersen Benny Borg 80 3
F «Det er deg jeg skal ha» Dollie Benedicte Adrian/Ingrid Bjørnov og Ole A. Sørli/Adrian/Bjørnov 23 10
G «Café Jupiter» Freddy Dahl Atle Bakken/Geir Holmsen og Trond Brænne 54 6
H «Barnesinn» Gudny Aspaas Gudny Aspaas/Geir Langslet og Gudny Aspaas 41 9
I «Romantikk» Kari Bremnes og Stiftelsen Petter Henriksen og Kari Bremnes 48 7
J «Kom heim» Bo Rolf Løvland og Terje Formoe 46 8

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

NRK brukte dette året ei juryordning etter same mønster som i den internasjonale finalen. Elleve jurygrupper sat på ulike stader i landet og gav røystene sine. Kvar jury hadde elleve medlemmar med ulik alder, kjønn og yrkesbakgrunn. Kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng til dei ti finalistane.[1]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. Totalt
A «Adieu» 12 12 12 12 10 8 8 10 10 12 10 116
B «Lady Di» 8 2 8 8 5 7 12 12 8 6 12 88
C «Lisa» 5 10 6 7 1 6 5 6 6 8 7 67
D «Perfekte engel» 4 4 10 4 2 10 7 4 12 10 8 75
E «Vi får, vi gir, vi går, vi blir» 10 6 5 10 4 12 10 8 5 7 3 80
F «Det er deg jeg skal ha» 1 1 2 3 7 1 2 1 3 1 1 23
G «Café Jupiter» 3 7 7 2 8 5 4 5 2 5 6 54
H «Barnesinn» 6 5 4 5 6 3 3 3 1 3 2 41
I «Romantikk» 7 3 3 1 12 4 6 2 4 2 4 48
J «Kom heim» 2 8 1 6 3 2 1 7 7 4 5 46

Dette var regionane: 1. Trøndelag (Trondheim), 2. Hordaland (Bergen), 3. Nordland (Bodø), 4. Rogaland (Stavanger), 5. Troms (Tromsø), 6. Sørlandet (Kristiansand), 7. Finnmark (Vadsø), 8. Hedmark (Elverum), 9. Møre og Romsdal (Ålesund), 10. Telemark (Ålesund), 11. Østlandssendingen (Oslo).

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

NRK satsa dette året sterkare enn nokon gong på å produsere ein vinnarmelodi. Allereie i 1978 blei NRK kontakta av den britiske professoren René Hérail som tilbaud seg å lage ein «euro-slager» basert på logaritmar og datautrekningar.[2] Dette resulterte i «Adieu» som blei sungen av Jahn Teigen og den dåverande kjærasten hans, Anita Skorgan. «Adieu» vann den norske finalen klart, fekk ein moderat suksess og låg på VG-lista i fem veker.[3][4] Også pressa var positiv og kalla vinnaren passande nok for ein «velkalkulert slager».[5] Men trass all optimismen, det norske bidraget blei berre nummer 12 av 18 i den internasjonale finalen.

Før den norske finalen hamna Eigil Berg i ei bilulykke saman med bandet sitt, New Jordal Swingers. Han trekte seg frå tevlinga, og songen blei gitt vidare til Frank Aleksandersen, som også hadde vore Berg sin motstandar i kvalifiseringa.

Kvalifiseringa[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1981 blei ti melodiar frå Forum for ord og tone presentert over fem veker i programserien Kom inn!. TV-sjåarane avgjorde duellen ved å røyste på favorittlåten sin per postkort. Dei fem semifinalane blei haldne 12.  september, 3. oktober, 24. oktober, 14. november og 5. desember. Resultatet av den siste duellen blei offentleggjort i det sjette programmet 26. desember.[6]

Duell Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass
1 «Løp» Brannvesenet Jan Moe Jan Paulsen 2
«Lady Di» Inger Lise Rypdal Nissa Nyberget Lars Mjøen 1
2 «Uflaks» Stein Ingebrigtsen Kristian Lindeman Stein Ingebrigtsen 2
«Lisa» Trond Granlund Kristian Lindeman Philip Kruse 1
3 «Åi» Frank Aleksandersen Frank Aleksandersen Frank Aleksandersen 2
«Vi får, vi gir, vi går, vi blir» Eigil Berg Benny Borg Benny Borg 1
4 «Det er deg jeg skal ha» Dollie Dollie Dollie, Ole A. Sørli 1
«Lille mann» Bente Müller Bente Müller Bente Müller 2
5 «Perfekte engel» Alex Alex, Svein Gundersen Alex, Lars Kilevold 1
«Ung og fri» Marius Müller Finn Kalvik Finn Kalvik 2

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Melodi Grand Prix 1982 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 20. mars 1982. Vitja 25. juli 1982.
  2. «Kom inn!». Norsk rikskringkasting. 12. september 1981. Vitja 25. juli 2016.
  3. Marcussen, Tor (20. mars 1982). «Norge satser høyt i Grand Prix». Aftenposten. s. 23.
  4. «VG-lista for 'Adieu'». VG. Vitja 25. juli 2016.
  5. Marcussen, Tor (22. mars 1981). «Seier for velkalkulert slager». Aftenposten. s. 52.
  6. «Kom inn!». Norsk rikskringkasting. Høsten 1981. Besøkt 25. juli 2016.