Melodi Grand Prix 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1988
Dato
Finale 26. mars 1988
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo
Programleiar Dan Børge Akerø
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 16 (10 i finalen)
Vinnar
Song «For vår jord»
Artist Karoline Krüger
Resultat i Eurovision Song Contest 1988
Finalepoeng 88
Finaleplass 5.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1987 Melodi Grand Prix 1989

Melodi Grand Prix 1988 var den 28. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Etter fire semifinalar kjempa ti songar i finalen i Oslo 26. mars 1988. Vinnarlåten blei «For vår jord», framført av Karoline Krüger. Songen er komponert av Anita Skorgan med tekst av Erik Hillestad. Karoline Krüger representerte Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der «For vår jord» kom på 5. plass med 88 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Som i 1977 og 1982, innførte NRK dette året ei ordning med semifinalar. Før finalen blei det arrangert fire semifinalar, kvar med fire melodiar. Semifinalane fann stad i underhaldningsprogrammet LørDan. Melodiane konkurrerte mot kvarande to og to i utslagsduellar. Kvart par bestod av eitt innsendt bidrag som var vald ut blant 400 av ein jury på førehand, og eitt som var spesielt invitert til tevlinga. Tusen lisensbetalande hushald hadde på førehand blitt valde ut til å røyste fram finalistane. Sjåarane hadde fått brev i posten som informerte om kva telefonnummer som skulle brukast til å røyste. Slik blei åtte deltakarar klare for finalen.

I tillegg valde ein jury leia av Ingrid Bjørnov ut to av dei åtte duelltaparane til finalen. Dei to blei «Je ne sais pais» med Anita Kanstad, og Jan Eggums «Deilige Drøm».

Finalen blei arrangert i Chateau Neuf laurdag 26. mars 1988 med Dan Børge Akerø som programleiar. Kvart bidrag blei introdusert av ein kjend norsk person i følgjande rekkjefølgje: Dan Børge Akerø, Vidar Theisen, Oddvar Brå, Thorvald Stoltenberg, Gunnar Berge, Torbjørn Mork, Sølve Grotmol, Herbjørn Sørebø, Jan P. Syse og Bjartmar Gjerde. Trond Kirkvaag parodierte personene i eit fotografi som ein introduksjon til dei. Eit storband med Arild Stav som kapellmeister akkompagnerte finalemelodiane. Koret bestod av Kari Iveland, Berit Lohne, Leif Digernes og Ståle Rasmussen.[1]

Pauseunderhaldninga var av Chris Rea. Han spelte låtane «Windy Town» og «Que Sera». Finalen blei avgjort av sju distriktsjuryar som kåra «For vår jord» med en flygelspelande Karoline Krüger, til vinnar.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Mitt land, og» David Chocron David Chocron 42 5
B «Hey go go» Ola Fjellvikås Ole Salsten Ole Salsten og Marit Vollen 54 3
C «Natten er din og min» Elisabeth Moberg og Terry Heart Kristian Lindeman Trygve Hoff 38 7
D «Glasnost» Jahn Teigen Jahn Teigen Jahn Teigen og Knut Meiner 55 2
E «Deilige drøm» Jan Eggum Jan Eggum 16 10
F «Sove i natt?» Tore Hansen Tore Hansen 41 6
G «Hvor er du?» Trond Armand Larsen og Krist Juuhl Trond Armand Larsen og Krist Juuhl 18 9
H «For vår jord» Karoline Krüger Anita Skorgan Erik Hillestad 65 1
I «Je ne sais pas» Anita Kanstad Anita Kanstad Bjørn Terje Bråthen 25 8
J «Lengt» Iselin Alme og Tor Endresen Helge Iberg Tove Karoline Knutsen 52 4

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Det var sju regionale jurygrupper, kvar med elleve medlemmar. Kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng til melodiane. Johnny Bergh var oppsynsmann for røystinga.

Nr. Tittel Vadsø Bodø Trondheim Lillehammer Bergen Oslo Kristiansand Totalt
A «Mitt land, og» 5 8 6 7 2 10 4 42
B «Hey go go» 6 5 10 10 8 8 7 54
C «Natten er din og min» 2 10 4 2 6 6 8 38
D «Glasnost» 8 2 8 12 10 5 10 55
E «Deilige drøm» 1 6 1 1 1 3 3 16
F «Sove i natt?» 12 4 5 4 7 4 5 41
G «Hvor er du?» 3 3 2 3 3 2 2 18
H «For vår jord» 7 7 12 8 12 7 12 65
I «Je ne sais pas» 10 1 3 5 4 1 1 25
J «Lengt» 4 12 7 6 5 12 6 52

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Første semifinale gjekk av stabelen i LørDanNRK Marienlyst 30. januar 1988. Tusen utvalde, lisensbetalande familiar skulle ringje inn og røyste, men datasystemet svikta. Dermed måtte tv-sjåarane sende inn røystene sine per post. Rundt 400 røyster kom inn, og resultatet blei offentleggjort i ein ekstra LørDan-sending 3. februar.[2] Die tre andre semifinalane blei haldne 13. februar, 27. februar og 12. mars, og då fungerte teknikken. Resultatane frå duell 3–8 blei berre presenterte i heile tal.

Duell Tittel Artist Plass Oppslutning
1 «Nå» Siri Gellein 2 26,5 %
«Hvor er du?» Trond Armand Larsen og Krist Juuhl 1 73,5 %
2 «Je ne sais pas» Anita Kanstad 2 26,4 %
«Glasnost» Jahn Teigen 1 73,6 %
3 «Mitt land, og» David Chocron og band 1 71 %
«Deilige drøm» Jan Eggum 2 29 %
4 «Jeg vil elske deg» Lise Haavik 2 44 %
«Sove i natt?» Tore Hansen 1 56 %
5 «Åpne dører» Odd Arvid Eilertsen, Tor Kjelsberg og Sverre Kjelsberg 2 12 %
«Hey go go» Ola Fjellvikås 1 88 %
6 «Du skal leve» Karina Hjelen og Lars Jones 2 47 %
«Lengt» Iselin Alme og Tor Endresen 1 53 %
7 «Din tur» Stig Gjendem 2 23 %
«For vår jord» Karoline Krüger 1 77 %
8 «Natten er din og min» Elisabeth Moberg og Terry Heart 1 69 %
«Jeg lever i en boks» Mannen I Boksen 2 31 %
Juryens valg «Je ne sais pas» Anita Kanstad
«Deilige drøm» Jan Eggum

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Før finalen lanserte Jahn Teigen ein eigen «glasnost-brus» for å marknadsføre låten sin. Bakgrunnen var at faren til ein av Teigen sine koristar dreiv ein brusfabrikk i Romsdal. Til saman hadde han laga 20 kasser «fredsbrus».[3]

Pressa var stort sett positive etter finalen, og særleg med vinnarmelodien. VGs berykta kritikar, Kjell Bækkelund, roste «For vår jord» og meinte songen hadde karakter. «Vi gjentar oss selv med glede: Den beste melodien gikk til topps.» skreiv Bækkelund.[4] Også Aftenposten var klar på at den beste songen vann: «Smektende, pompøs, melodiøs, lurt basert på lett gjenkjennelige strofer og klokt oppbygd med passende mengde tone og harmoniskift. Den får tyngde og vinner seg ved gjenhør.» skreiv avisa sin kritikar.[5] «For vår jord» imponerte også dei europeiske juryane, og det norske bidraget enda på ein 5. plass i Eurovision Song Contest 1988. Det var Norges fjerde beste resultat i tevlinga til då. 76 prosent av nordmenn over 15 år såg den internasjonale finalen, ifølgje ei spørjeundersøking gjort for VG.[6]

VG proklamerte samstundes at ei «stjerne er fødd» med Karoline Krügers siger og samanlikna ho med Sissel Kyrkjebø.[7] Sigeren var også starten for ein lang musikalsk karriere for Krüger, og ho har sidan laga ei rekkje album og andre musikalske verk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1988 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 26. mars 1988. Besøkt 1. august 2016.
  2. «LørDan Ekstrasending». Norsk rikskringkasting. 3. februar 1988. Besøkt 31. juli 2016.
  3. Haave, Harald (23. mars 1988). «Teigen bruker brus for å markedsføre Grand Prix-melodi». Norsk Telegrambyrå.
  4. Bækkelund, Kjell (28. mars 1988). «Den beste melodien vant». Verdens Gang. s. 38.
  5. Marcussen, Tor (28. mars 1988). «Den beste melodien vant». Aftenposten. s. 32.
  6. Lillelien, Per (4. mai 1988). «Flink Karoline i laber TV-uke». Verdens Gang. s. 45.
  7. Stensland, Morten (28. mars 1988). «Planene legges». Verdens Gang. s. 38.