Ole Hallesby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Hallesby i 1949
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Hallesby si grav på Vestre Aker gravlund i Oslo

Ole Kristian Hallesby (5. august 187922. november 1961), opphavleg frå Aremark, var ein norsk professor i teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo.

Som student inntok Hallesby eit radikalt liberal-teologisk standpunkt, men han blei seinare ein av dei mest energiske motstandarane av liberal teologi i Noreg. Han spela ei leiande rolle på det såkalla Calmeyergatemøtet i Calmeyergatens misjonshus i 1920, der sentrale representantar for norsk kyrkje- og organisasjonsliv avviste samarbeid med liberale teologar. Ole Hallesby var formann i Den norske Santalmisjon 1902-1906, og formann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap frå 1923 til 1956. Han var også den sentrale personen då Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag blei stifta i 1924.

Under 2. verdskrigen stifta han saman med biskop Eivind Berggrav og Ludvig Hope organisasjonen Kristent Samråd.Han var formann i den mellombelse kyrkjeleiinga frå våren 1942 og fram til han blei arrestert og sendt til Grini mai 1943. Her sat han fram til krigen var over.

Ole Hallesby var ein kjent og ettertrakta predikant, og den kompromisslause forkynninga hans utløyste mellom anna den såkalla helvetesdebatten, som blei utløyst av ein radiotale i januar 1953. Hallesby kom til debatt med biskopen i Hamar, Kristian Schjelderup, i spørsmålet om «helvetet hører hjemme i kjærlighetens religion» (sitat frå biskop Schjelderup). Hallesby etablerte seg gjennom denne striden som ein av dei kraftigaste og mest etterspurte, men også omstridde, predikantar og kristne talarar i Noreg.

Hallesby meldte også Arnulf Øverland til politiet for blasfemi i 1933 på grunn av foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage».

For mange vil Ole Hallesby framfor alt bli hugsa som forfattaren av oppbyggelege bøker og andaktsbøker som Fra bønnens verden og Daglig fornyelse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar på bokmål har ei samling med sitat som gjeld Ole Hallesby.