Michael Phelps
Michael Phelps | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. juni 1985 (39 år) Baltimore |
Idrett | svømming |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Symjing under Sommar-OL 2016, Svømming under Sommer-OL 2004 – 100 meter butterfly menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter butterfly menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter individuell medley menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 400 meter individuell medley menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 × 200 meter fri stafett menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 x 100 meter medley stafett menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter fri menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 x 100 meter fri stafett menn |
Utmerkingar | Associated Press Athlete of the Year, Associated Press Athlete of the Year |
Michael Fred Phelps II (fødd 30. juni 1985 i Towson) er ein amerikansk symjar som held ei rekkje verdsrekordar i symjing. Det amerikanske tidsskriftet «Swimming World» har kåra Phelps til «World Swimmer of the Year» i åra 2003, 2004 og 2006, og «American Swimmer of the Year» i åra 2001 til 2007, unnateke 2005.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Barne- og ungdomskarriere
[endre | endre wikiteksten]Som liten vart Phelps diagnosert med Attention-Deficit Hyperactivity Disorder, eller ADHD.[1] Han starta symjing som sjuåring for å ha noko å få ut energien på. Dessutan var båe dei to eldre systrene habile symjarar, den eine var nær å bli tatt ut til sommar-OL i Atlanta i 1996 før ei skade øydela for karrieren hennar.
Som 10-åring sette Michael Phelps nasjonal rekord for aldersgruppa han symde i. Då han var 15, hadde han alt kvalifisert han seg for sommarleikane i 2000 som fann stad i Sydney.[2] Her var han den yngste amerikanske herresymjaren på 68 år. Sjølv om han ikkje vann, vart han nummer fem på 200 m butterfly.
I november 2004 vart Phelps teken for å ha køyrt i påverka tilstand. Han sa seg skuldig og vart dømd til 250 dollar i bot og 18 månaders samfunnsteneste der han måtte tale for studentar på high school om faren ved å køyre påverka av rus, pluss at han måtte ta del på eit møte hjå Mothers Against Drunk Driving ('mødre mot fyllekøyring').[3][4] Då han seinare den månaden var gjest i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Today Show sa Phelps at det heile var ein eingongstilfelle og at han hadde skuffa både seg sjølv og familien, jamvel mange amerikanarar.
Dei olympiske sommarleikane i Aten 2004
[endre | endre wikiteksten]I Sommar-OL i Aten i 2004 vann Phelps åtte medaljar, seks var gull og to bronse.[5] Dette er like mange medaljar i eit OL som sovjetiske Aleksander Ditiatin fekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980.[6]
Stil | Resultat | Tid |
---|---|---|
400 m individuell medley | Gullmedalje, ny verdsrekord | 4:08.26[7] |
100 m butterfly | Gullmedalje, olympisk rekord | 51.25[8] |
200 m fri | Bronsemedalje, amerikansk rekord | 1:45.32[9] |
200 m butterfly | Gullmedalje, olympisk rekord | 1:54.04[10] |
200 m individuell medley | Gullmedalje, olympisk rekord | 1:57.14[11] |
4 × 100 m fri stafett | Bronsemedalje | 3:14.62[12] |
4 × 200 m fri stafett | Gullmedalje, amerikansk rekord | 7:07.33[13] |
4 × 100 m medley stafett | Gullmedalje, ny verdsrekord | 3:30.68[14] |
Dei olympiske sommarleikane i Beijing 2008
[endre | endre wikiteksten]Phelps kvalifiserte seg for åtte symjetevlingar under sommar-OL i Beijing.[15]
Dato (i Beijing) | Stil | Resultat | Tid |
---|---|---|---|
10. august | 400 m individuell medley | Gullmedalje, ny verdsrekord | 4:03.84[16] |
11. august | 4 × 100 m fri stafett | Gullmedalje, ny verdsrekord | 3:08.24[17] |
12. august | 200 m fri | Gullmedalje, ny verdsrekord | 1:42.96[18] |
13. august | 200 m butterfly | Gullmedalje, ny verdsrekord | 1:52.03[19] |
13. august | 4 × 200 m fri stafett | Gullmedalje, ny verdsrekord | 6:58.56[20] |
15. august | 200 m individuell medley | Gullmedalje, ny verdsrekord | 1:54.23[21] |
16. august | 100 m butterfly | Gullmedalje, olympisk rekord | 50:58.[22] |
17. august | 4 × 100 m medley stafett | Gullmedalje, ny verdsrekord | 3:29:34[23] |
Phelps vann åtte gullmedaljar i Beijing, der sju av dei har vore verdsrekordar og ein olympisk rekord. Dermed ligg han framfor Mark Spitz om flest gullmedaljar frå eitt og same OL. Med 14 olympiske gull til saman, har Phelps skrive seg inn i idrettshistoria som den utøvaren med flest olympiske gullmedaljar til saman.[24]
Olympiske medaljar
[endre | endre wikiteksten]- Gull på 100 meter butterfly
- Gull på 200 meter butterfly
- Gull på 200 meter individuell medley
- Gull på 400 meter individuell medley
- Gull på 4 × 200 meter fri stafett
- Gull på 4 × 100 meter medley stafett
- Bronse på 100 meter fri
- Bronse på 4 × 100 meter fri stafett
- Gull på 100 meter butterfly
- Gull på 200 meter butterfly
- Gull på 200 meter fri
- Gull på 200 meter individuell medley
- Gull på 400 meter individuell medley
- Gull på 4 × 100 meter fri stafett
- Gull på 4 × 200 meter fri stafett
- Gull på 4 × 100 meter medley stafett
- Gull på 100 meter butterfly
- Gull på 200 meter individuell medley
- Gull på 4 × 200 meter fri stafett
- Gull på 4 × 100 meter medley stafett
- Sølv på 200 meter butterfly
- Sølv på 4 × 100 meter fri stafett
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kevin Van Valkenburg (11. mai 2008). «Phelps returns to attend NBAC fundraiser». The Baltimore Sun. Henta 26. mai 2008.
- ↑ Paul McMullen, Amazing Pace: The Story of Olympic Champion Michael Phelps from Sydney to Athens to Bejing. New York: Rodale, Inc., 2006.
- ↑ Olympic Champ Sentenced For DUI CBS, 2004-12-29, vitja 2008-02-14}}
- ↑ Michael Phelps Arkivert 2008-05-13 ved Wayback Machine., Ask Men, vitja 2008-05-25
- ↑ 2004 Olympic Games swimming results Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine. vitja 2007-07-22
- ↑ Facts & figures, arkivert frå originalen 4. mars 2007, henta 12. august 2008
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3564324.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3584378.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571044.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571638.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3577920.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3566566.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3572472.stm
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3586784.stm
- ↑ http://www.nrksport.no/meisterskap/beijing_2008/1.6163515
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. august 2008, henta 13. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 14. august 2008, henta 14. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 15. august 2008, henta 15. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 19. august 2008, henta 19. august 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. august 2008, henta 20. august 2008
- ↑ http://www.msnbc.msn.com/id/26194188
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell heimeside Arkivert 2008-07-30 ved Wayback Machine.
- «Michael Phelps» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Symjarar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Symjarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Symjarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Symjarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Symjarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Symjarar under sommar-OL 2016
- Folk frå Baltimore