Michael Phelps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Phelps under 400-meter i februar 2008.
Foto: Karen Blaha

Michael Fred Phelps II (fødd 30. juni 1985 i Towson) er ein amerikansk symjar som held ei rekkje verdsrekordar i symjing. Det amerikanske tidsskriftet «Swimming World» har kåra Phelps til «World Swimmer of the Year» i åra 2003, 2004 og 2006, og «American Swimmer of the Year» i åra 2001 til 2007, unnateke 2005.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomskarriere[endre | endre wikiteksten]

Som liten vart Phelps diagnosert med Attention-Deficit Hyperactivity Disorder, eller ADHD.[1] Han starta symjing som sjuåring for å ha noko å få ut energien på. Dessutan var båe dei to eldre systrene habile symjarar, den eine var nær å bli tatt ut til sommar-OL i Atlanta i 1996 før ei skade øydela for karrieren hennar.

Som 10-åring sette Michael Phelps nasjonal rekord for aldersgruppa han symde i. Då han var 15, hadde han alt kvalifisert han seg for sommarleikane i 2000 som fann stad i Sydney.[2] Her var han den yngste amerikanske herresymjaren på 68 år. Sjølv om han ikkje vann, vart han nummer fem på 200 m butterfly.

I november 2004 vart Phelps teken for å ha køyrd i påverka tilstand. Han sa seg skuldig og vart dømt til 250 dollar i bot og 18 månaders samfunnsteneste der han måtte tale for studentar på high school om faren ved å køyre påverka av rus, pluss at han måtte ta del på eit møte hjå Mothers Against Drunk Driving ('mødre mot fyllekøyring').[3][4] Då han seinare den månaden var gjest i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Today Show sa Phelps at det heile var ein eingongstilfelle og at han hadde skuffa både seg sjølv og familien, jamvel mange amerikanarar.

Dei olympiske sommarleikane i Aten 2004[endre | endre wikiteksten]

I Sommar-OL i Aten i 2004 vann Phelps åtte medaljar, seks var gull og to bronse.[5] Dette er like mange medaljar i eit OL som sovjetiske Aleksander Ditiatin fekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980.[6]

Stil Resultat Tid
400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:08.26[7]
100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 51.25[8]
200 m fri Bronsemedalje, amerikansk rekord 1:45.32[9]
200 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 1:54.04[10]
200 m individuell medley Gullmedalje, olympisk rekord 1:57.14[11]
4 × 100 m fri stafett Bronsemedalje 3:14.62[12]
4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, amerikansk rekord 7:07.33[13]
4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:30.68[14]

Dei olympiske sommarleikane i Beijing 2008[endre | endre wikiteksten]

President George W. Bush (t.v.) veivar med det amerikanske flagget, under medaljeutdelinga for 400 meter individuell medley i Beijing.

Phelps kvalifiserte seg for åtte symjetevlingar under sommar-OL i Beijing.[15]

Dato (i Beijing) Stil Resultat Tid
10. august 400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:03.84[16]
11. august 4 × 100 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:08.24[17]
12. august 200 m fri Gullmedalje, ny verdsrekord 1:42.96[18]
13. august 200 m butterfly Gullmedalje, ny verdsrekord 1:52.03[19]
13. august 4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 6:58.56[20]
15. august 200 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 1:54.23[21]
16. august 100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 50:58.[22]
17. august 4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:29:34[23]

Phelps vann åtte gullmedaljar i Beijing, der sju av dei har vore verdsrekordar og ein olympisk rekord. Dermed ligg han framfor Mark Spitz om flest gullmedaljar frå eitt og same OL. Med 14 olympiske gull tilsaman, har Phelps skrive seg inn i idrettshistoria som den utøvaren med flest olympiske gullmedaljar tilsaman.[24]

Olympiske medaljar[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Hellas Sommar-OL 2004[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske flagget USA[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull på 100 meter butterfly
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter butterfly
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter individuell medley
Gold medal icon.svg Gull på 400 meter individuell medley
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 200 meter fri stafett
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 100 meter medley stafett
Bronze medal icon.svg Bronse på 100 meter fri
Bronze medal icon.svg Bronse på 4 × 100 meter fri stafett

Den kinesiske flagget Sommar-OL 2008[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske flagget USA[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull på 100 meter butterfly
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter butterfly
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter fri
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter individuell medley
Gold medal icon.svg Gull på 400 meter individuell medley
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 100 meter fri stafett
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 200 meter fri stafett
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 100 meter medley stafett

Det britiske flagget Sommar-OL 2012[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske flagget USA[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull på 100 meter butterfly
Gold medal icon.svg Gull på 200 meter individuell medley
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 200 meter fri stafett
Gold medal icon.svg Gull på 4 × 100 meter medley stafett
Silver medal icon.svg Sølv på 200 meter butterfly
Silver medal icon.svg Sølv på 4 × 100 meter fri stafett

Refereransar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Phelps returns to attend NBAC fundraiser». http://www.baltimoresun.com/sports/olympics/bal-sp.phelps11may11,0,5961738.story. 
  2. Paul McMullen, Amazing Pace: The Story of Olympic Champion Michael Phelps from Sydney to Athens to Bejing. New York: Rodale, Inc., 2006.
  3. Olympic Champ Sentenced For DUI CBS, 2004-12-29, vitja 2008-02-14}}
  4. Michael Phelps, Ask Men, vitja 2008-05-25
  5. 2004 Olympic Games swimming results vitja 2007-07-22
  6. Facts & figures
  7. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3564324.stm
  8. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3584378.stm
  9. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571044.stm
  10. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571638.stm
  11. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3577920.stm
  12. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3566566.stm
  13. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3572472.stm
  14. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3586784.stm
  15. http://www.nrksport.no/meisterskap/beijing_2008/1.6163515
  16. http://web.archive.org/web/20080813020624/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73A1/SWM054101.shtml#SWM054101
  17. http://web.archive.org/web/20080814052344/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73B1/SWM411101.shtml#SWM411101
  18. http://web.archive.org/web/20080815032456/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73A1/SWM012101.shtml#SWM012101
  19. http://web.archive.org/web/20080816025413/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73A1/SWM022101.shtml#SWM022101
  20. http://web.archive.org/web/20080816025715/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73B1/SWM412101.shtml#SWM412101
  21. http://web.archive.org/web/20080816025715/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73B1/SWM412101.shtml#SWM412101
  22. http://web.archive.org/web/20080819022141/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73A1/SWM021101.shtml#SWM021101
  23. http://web.archive.org/web/20080820010151/http://results.beijing2008.cn/WRM/ENG/INF/SW/C73B1/SWM451101.shtml#SWM451101
  24. http://www.msnbc.msn.com/id/26194188

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]