Michael Eneramo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Eneramo
Eneramo à l'Entrainement.jpg
Personleg informasjon
Namn Michael Eneramo
Fødselsdato 26. november 1985
Fødestad Kaduna i Nigeria
Høgd 187 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Espérance
Ungdomsklubb
-2004 Nigeria Lobi Stars
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-
2004-06
2007-
Tunisia Espérance
Algerie USM Alger (lån)
Saudi-Arabia Al-Shabab (lån)
70 (37)
24 (13)
7 (3)
Landslag**
2009- Nigeria Nigeria 6 (2)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. juli 2009.

Michael Eneramo (fødd 26. november 1985 i Kaduna) er ein nigeriansk fotballspelar som spelar for Espérance i den tunisiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Nigeria.

Eneramo begynte karrieren sin i klubben Lobi Stars. I 2004 vart han oppdaga av den tunisiske toppklubben Espérance Sportive de Tunis. Han vart lånt ut til USM Alger i Algerie frå 2004 til 2006, der han skåra 13 mål i den algeriske toppdivisjonen. I 2007 var han med på å vinna serien og cupen i Tunisia med Espérance. Frå juli til desember same året var han lånt ut til klubben Al-Shabab i Riyadh i Saudi-Arabia.

Eneramo vurderte å ta tunisisk statsborgarskap for å kunna spela for det tunisiske landslaget, men dette vart ikkje noko av. I 2009 vart han for første gong kalla inn til ein nigeriansk A-landslagstropp, og han debuterte for Nigeria 11. februar 2009 mot Jamaica. I den andre landskampen sin skåra han mot Irland.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 6. mai 2010.