Michael Praetorius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Praetorius
Praetorius.jpg
Verkeleg namn Michael Schultze
Fødd 15. februar 1571, Creuzburg i Tyskland
Død 15. februar 1621 (50 år), Wolfenbüttel i Tyskland
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1600-1619
Yrke Komponist og organist

Michael Praetorius (fødd 15. februar 1571 i Creuzburg, død 15. februar 1621 i Wolfenbüttel) var ein tysk komponist, organist og musikkforfattar. Han var ein av dei mest allsidige komponistane på si tid, og var særleg viktig for utviklinga av musikkformer basert på protestantiske hymner.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd Michael Schultze som den yngste sonen av ein luthersk pastor i Creuzburg i Thüringen. Etter å ha gått på skule i Torgau og Zerbst, studerte han teologi og filosofi ved Universitet i Frankfurt. Etter å ha fått musikkutdanninga si var han frå 1587 organist i Marienkirche i Frankfurt. Frå 1592/1593 tente han i hoffet i Wolfenbüttel, under hertug Henrik Julius av Braunscheweig-Lüneburg. Han tente i hertugen sitt Staatsorchester Braunschweig, først som organist og frå 1604 som kapellmeister.

Dei første komposisjonane hans dukka opp kring 1602-1603. Praetorius hadde starta å komponere nokre av dei då Regensburg vart det parlamentariske setet for Det tysk-romerske riket. Publikasjonane deira syner at dei i hovudsak tykte mest om musikken i hoffet ved Gröningen. motettane frå denne samlinga var dei første i Tyskland som nytta seg av dei nye italienske speleteknikkane, og som følgje av dette vart han ein dyktig komponist.

Desse «moderne» stykka markerte slutten på den midterste kreative perioden hans. Dei ni delane av hans Musae Sioniae (1605-10), samt samlinga frå 1611 av kyrkjemusikk (messer, hymner, magnificatar) følgjer den tyske protestantiske koralstilen.

Då hertugen døydde i 1614 og vart etterfølgd av Frederick Ulrich vart Praetorius verande i hoffet. Frå 1613 arbeidde han òg i hoffet til kurfyrste Jakob Georg I av Sachsen i Dresden, der han fekk ansvaret for festmusikk på stor skala. Her fekk han høyre det siste innan italiensk musikk, mellom anna fleirkorsstilen til den venetianske skulen. Musikkverka for solostemme, fleirkor og instrumentalar for desse festane markerer høgdepunktet i karrieren hans. Fram til han døydde vart Praetorius verande i hoffet i n Dresden, der han vart erklært Kapellmeister von Haus aus og arbeidde i lag med Heinrich Schütz.

Michael Praetorius er gravlagd i eit kvelv under orgelet i Mariakyrkja i Wolfenbüttel i Tyskland.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon frå Syntagma Musicum

Praetorius var ein produktiv komponist og verka hans syner påverknad av italienske komponistar, samt hans yngre samtidige Heinrich Schütz. Verka hans omfattar den ni bind store samlinga Musae sioniae (1605–10), med over tusen (~1244) koralar og songarrangement, mange andre verk for den lutherske kyrkja og Terpsichore (1612), ei samling med over 300 instrumentale dansar, som er dei mest kjende verka hans. Det tre bind store Syntagma Musicum, publisert frå 1614–1620 (I: Musicae artis analecta, II: De organographia, III: Termini musici) er detaljerte tekstar om dei musikalske utøvingane og musikkinstrumenta på denne tida, og er viktige kjelder i musikkforsking.

«Det hev ei rose sprunge» er ei av dei mest kjende salmane Praetorius skreiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]