Middle Mouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°26′6.1″N 4°26′13.8″W

Middle Mouse sett frå Anglesey

Middle Mouse (walisisk Ynys Badrig - Patrickøya) er ei folketom øy om lag 1 km utanfor nordkysten av Anglesey i Wales. Ho er det nordlegaste punktet i Wales og er 207 meter lang og 110 meter brei, med eit areal på 5550 m². Det høgaste punktet på øya ligg 16 meter over havet. Ho er ei av tre øyar utanfor nordkysten av Anglesey. Dei to andre er West Mouse og East Mouse.

I følgje segna skal St. Patrick ha forlist her, og dette er opphavet til det walisiske namnet. Han sumde i land her og grunnla etter kvart den nærliggande kyrkja Llanbadrig kring 440 e.Kr., som ein trur er den eldste kristne staden i Wales.[1]

Det finst ein del skarv, teist og alke på øya. Området kring øya er ein populær dykkestad med eit rikt marint liv. Det er derimot lite som vernar mot dei kraftige tidvasstraumane, så ein lyt kjenne til når det er stille vatn.[2]

S.S. «Liverpool» forliste nær Middle Mouse i 1863 etter å ha kollidert med skipet «Laplata».[3] Ho førte ei last med tinnbarrar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Llanbadrig Church, Anglesey». http://www.anglesey-today.com/llanbadrig.html. 
  2. Holden, Chris (2008). Underwater Guide to North Wales Vol. 2. Calgo Publications. ss. 96–97. ISBN 978-0-9545066-1-2. 
  3. «UK Diving - Wrecks». http://www.ukdiving.co.uk/wrecks/wreck.php?id=313. 
  4. «National Museum Wales». http://www.museumwales.ac.uk/en/800/.